Sokneprest Øystein Mathisen skal tilbake til Oslo. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Sokneprest Øystein Mathisen skal tilbake til Oslo. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Gir seg som prest

Øystein Mathisen sluttar som sokneprest i Eid etter knapt eitt år i tenesta.

Dette melder Fjordabladet.

Mathisen byrja som sokneprest i Eid 25. september i fjor, og avisa opplyser at det er private grunnar til at han sluttar.


Mathisen seier til avisa at han har likt seg godt i Eid, og at han er blitt godt motteken av dei tilsette innanfor kyrkja. Han skulle gjerne vore lenger som sokneprest i Eid, men sluttar no av private grunnar.

– Eg har hatt eit fint år her i Eid. Både plassen og kyrkja inneheld mange flotte folk, fortel den avtroppande soknepresten.

Mathisen reiser tilbake til jobben som han hadde permisjon ifrå i Oslo, der han var kapellan i Tonsen kyrkje.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå