Dagens areal: Steinvik bygger her i Breivika. Foto: Svanhild Breidalen

Dagens areal: Steinvik bygger her i Breivika. Foto: Svanhild Breidalen

Nye utsleppsløyve for lokale anlegg

Fylkesmannen har gjeve løyve etter ureiningslova til åtte oppdrettsanlegg som har søkt om nye eller utvida utsleppsløyve for akvakulturverksemd i sjø eller på land. K. Strømmen Lakseoppdrett AS og Steinvik Settefisk AS er blant dei.

- Fylkesmannen har før sommaren ferdigbehandla fleire søknader om utsleppsløyve for akvakulturanlegg. For to av desse fann vi moglege konfliktar med naturmangfald som gjer at vi har gjeve råd til fylkeskommunen om likevel ikkje å gje løyve etter akvakulturlova, skriv Fylkesmannen i ei pressemelding.

Åtte oppdrettslag fekk imidlertid løyve til utslepp.

K. Strømmen Lakseoppdrett AS og Sandnes Fiskeoppdrett AS har fått utvida utsleppsløyve for matfiskproduksjon i sjø av laksefisk ved lokaliteten Høyvika i Askvoll kommune, for 3120 tonn MTB.

Steinvik Settefisk AS har fått nytt utsleppsløyve for setjefiskproduksjon med inntil 500 tonn årleg av laksefisk på industriområde ved Breivika i Svelgen i Bremanger kommune.

Utsleppsløyva som Fylkesmannen har gjeve, er vedtak som det er klagerett på innan tre veker, medan fråsegnene frå Fylkesmannen er faglege råd til fylkeskommunen, og ikkje vedtak.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå