Foto: Privat

Foto: Privat

Frustrert over hærverk

Olena Chepurna ved Blomsten Måløy synest det er trist at ting ikkje får stå i fred i Gate 1 i Måløy.

Søndag vakna Chepurna til hærverk utanfor Blomsten Måløy.

- Nokon hadde velta blomsterpotter, og det såg ikkje fint ut utanfor butikken i det heile. Det er trist at ting ikkje skal kunne få stå i fred, seier ho oppgitt.

Chepurna fortel at dei som driv butikkane i Gate 1 prøvar å gjere det koseleg i gata, og difor prøvar å pynte rundt butikkane sine.

- Men når folk berre øydelegg mistar ein liksom litt av motivasjonen. Det er leit at nokon synest det er greitt å rasere andre sine ting på denne måten. Ein må gå å håpe på at ting skal få stå i fred, til slutt blir det jo slik at ein ikkje tørr å sette ting ut, seier ho og legg til at ho har opplevd liknande episodar tidlegare.

Chepurna oppfordrar folk til å seie ifrå, og å stoppe hærverket, dersom dei er vitne til liknande gjerningar.

- Eg trur ikkje at dei som har gjort dette tenker over kor øydeleggande det er for trivselen i gata, så då hjelp det kanskje at nokon seier i frå.


Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå