Politiets operasjonssentral melder at alle naudetatar rykte ut til ei trafikkulykke på riksveg 15, ved Stårheim, onsdag ettermiddag rundt 16.30.

Det var eit einsleg køyretøy som hadde køyrt av vegen.

Føraren av bilen, ein mann i 70-åra, var aleine i bilen då ulykka skjedde.

Det er ikkje meldt om personskader.

Førarkortet til mannen er beslaglagt og sak er oppretta.