– Så langt vi veit kjem tømming av søppeldunkane til å gå som normalt denne veka, seier administrerande direktør Inge Bent Arnestad i NoMil til Fjordenes Tidende tysdag ettermiddag.
Han opplyser at det er bilane til RenoNorden som skal hente søppel hos abonnentane i Nordfjord.
Kan ikke garantere at søppel blir hentet fra i morgen
Det var måndag kveld at RenoNorden vart slått konkurs. Selskapet har sidan sommaren 2014 stått for all søppelhenting, med unntak av glas og metall, i NoMil-kommunane. RenoNorden har i lengre tid slitt økonomisk. Renovasjonsselskapet si avtale med NoMil skulle vare til 2019.
Arnestad forklarte tidlegare i dag til Fjordenes Tidende at leiinga i NoMil i lengre tid har sett på ulike løysingar om ein konkurs skulle inntreffe.
– Ein har ulike alternativ, men framleis er det konkursbuet som sit på alle tilsette og alt av materiell. Slik det ser ut no så gå rutene vidare i dag og så håpar vi at det blir ei løysing framover, uttalte Arnestad til Fjordenes Tidende tysdag morgon.
Sjekk henteplanen for din kommune her: