Dette melder Sunnmørsposten.

Saman skal dei bruke tre år på å kommersiallisere oppfinninga.

– Når ein båt ligg standby på svai, kan bølgjekraftverket dekke det meste av nåten sitt enegibehov. I teorien kan det dekke 100 prosent, seier Solheim til avisa.

Fjordenes Tidende skreiv tidlegare i sommar om at Solheim, som er frå Deknepollen, hadde signert si første kontrakt.

Du kan lese denne saka her (+).

Oppfinnaren har utvikla patentet til Havkraft Wave Energy Converter (H-WEC), som tar opp kraft frå bølgjer og gjer den om til anvendbar energi.

– Dette passar perfekt nn i den grøne vegen vi har valt for flåten vår og utviklinga i reiarlaget, seier dagleg leiar Øystein Uksnøy, til Sunnmørsposten.

Avisa skriv vidare at selskapet skal teste oppfinninga på to skip.