– Det er heilt uverkeleg og fantastisk å få opne eit lokale mitt i gata. Folk har kome innom i heile dag for å ønskje oss velkomne. Alle er veldig positive, smiler Egeberg.

I det nye lokalet er det utstilling av bordoppdekking, pynt, fargar og materialer, arbeidsplass og lager.

Egeberg starta Mica Event i februar i fjor og skulle eigentleg opne dørene til det nye lokalet i juli.

– Vi har hatt så mykje å gjere at vi har ikkje rokke å opne før no, smiler ho.

Egeberg fortel at lista over oppdrag framleis er lang, og at dei har arrangert det meste som kan feirast eller markerast.

– Dåp, bryllaup, firmafestar, minnestunder og konfirmasjonar, ramsar ho opp, og legg til at nokre kundar ønskjer hjelp til servering, medan andre overlèt alt til eventfirmaet, og vil kome til duk og dekka bord.

Per i dag er dei to tilsette i 100 prosent stilling i firmaet. I tillegg har dei ei i 40 prosent og ei i 20 prosent stilling. Dei har også knytt til seg åtte servitørar som kan hjelpe dei på arrangement.

I første omgang skal lokalet i Gate 1 i Måløy vere opne tre dagar i veka.