– Eg håpar og trur dette er starten på å gje sykkelen merksemda han fortener som eitt av framtidas viktigaste transportmiddel. Måla i sykkelstrategien er høge - og krev brei innsats på mange felt. Men det er verdt det, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Det er eit stort potensiale for auka sykkelbruk i Eid. I første omgang vil målgruppa for sykkelsatsinga vere kvardagssyklande barn og unge, fordi vi då når ein fjerdedel av innbyggarane i Eid kommune. Denne aldersgruppa er også viktig å satse på fordi vi veit at etablering av gode vanar skjer i oppveksten, heiter det i ei melding på kommunen sine nettside