Omsetnaden auka til 42,9 millionar kroner, og resultatet før skatt er det beste i selskapet nokon gong. Ein driftsmargin på cirka ti prosent er solid.

– Det er eit greitt resultat og vi er godt nøgd. Men det er der det bør vere om vi ser på bransjetal, seier dagleg leiar Kjell-Gunnar Tennebø.

I 2014 var omsetnaden kring 30 millionar, det betyr ein ganske bratt vekst i løpet av to år.

– Det skuldast i hovudsak satsinga på automasjon. Hovuddelen av omsetnaden kjem frå el-installasjon, men det er ei forholdsvis stabil næring lokalt. Skal vi byrje konkurrere i marknader lenger vekke, blir marginane for små. Vi taper konkurransen mot lokale verksemder på grunn av reisekostnader. Innan automasjon er det råd å tene pengar i ein større marknad sidan vi kan gjere mykje av jobben med software og tavler lokalt, seier Tennebø.

Det er i hovudsak Vågsøy, Selje, Vanylven, delar av Eid og Bremanger som er marknaden innan el-installasjon.

Held til her: Sætren Installasjon leiger desse lokala i Sjøgata 24 på ein langtidsavtale. Bilparken er rikhaldig og tel over 20 bilar.

Satsinga på automasjon har ført til fleire nytilsettingar. Dei har fire ingeniørar/teknikarar som er spesialistar på automasjon, i tillegg til fleire ingeniørar innan tradisjonell elektro. Totalt er dei cirka 30 tilsette.

– Vi er også opptekne av å satse på lærlingar. Kvar haust tek vi inn to-tre. Nyleg fekk vi tre nye lærlingar inn i verksemda, ein frå Selje, ein frå Almenning og ein frå Vågsvåg.

Tennebø ynskjer ikkje å seie så mykje om kundane, men det er kjent at verksemda var involvert i store prosjekt som Bryggen Panorama og Lefdal Mine Datacenter i fjor.

Byrjar frå grunnen: Lokala i den gamle buda Sætren Installasjon har kjøpt liknar no til forveksling Domsteinbuda då den vart til Bryggen Panorama.

Det er Einar Rune Sætren som eig Sætren Installasjon. Familieverksemda har ei historie 100 år tilbake i tid, då elektro var pionerverksemd. Det var bestefaren Einar Sætren som starta verksemd i Måløy i 1928 etter ingeniørutdanning ved Den tekniske mellomskole.

– Han jobba ei stund som lærar i ingeniør Per Drage sin tekniske skule i Måløy. Så var han mellom anna i Drammen og fekk erfaring, før han starta eiga verksemd. I starten reparerte han syklar og produserte varmeomnar.

– Far min Arvid overtok leiinga i 1961, men døydde dessverre berre 48 år gamal i 1980. Verksemda vart seld til NBN Elektro i Florø. Då eg var ferdig utdanna elektroingeniør i 1982-83, byrja eg jobbe for NBN i Måløy. Etter kvart kjøpte eg tilbake avdelinga saman med kompanjong Kåre Solvang. Han pensjonerte seg og selde seg ut i fjor, slik at eg for tida eig 100 prosent.