I august i år runda sanitetsforeininga på Davik 100 år, og dei brukte anledninga til å tenke over dei viktige oppgåvene sanitetskvinnene har hatt i alle desse åra. Dei mimra over eit lagsarbeid som grunnleggjande har endra karakter og innhald frå 1917.

Ho trur ein må endre seg for å trekke til seg nye medlemmer i dagens samfunn.

– Eg håpar i det lengste at dette arbeidet vil halde fram. At yngre folk kjem inn og ser trongen for dette lokale bidraget for å vareta folket sine interesser på område det offentlege enno ikkje dekkjer godt nok, seier ho.

Eit viktig bidrag

Frå tidleg 50-tal dreiv saniteten helsestasjonar for spedbarn på Bryggja, i Ålfoten, Davik, Rugsund og Berle. Frå 1970 tok kommunen over ansvaret for desse. Beredskap til krig, katastrofe og brann, fokus kvinnehelse, hjarte- og karsjukdommar, psykiske lidingar, kreftfondet og krisesenter har vore prioriterte område. Mykje har også gått til lokale føremål, som Klokkartunet og Helsehuset i Davik.

Les meir om «Likestilt» her.

Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) vart skipa i 1896. Hovudmålet var å stå føre utdanning av sjukepleiarar. Etter kvart vart verksemda utvida til eit breitt fokus på kvinners helse, livsvilkår og humanitære forhold generelt. For å kunne oppnå sine mål vart NKS eigar og drivar av ei rekkje sjukeheimar, pleieheimar og institusjonar, i tillegg til å ha lokalt beredskapsarbeid.

Då prostinne i Davik, fru Amalie Eide, gjorde opptaket til Davik Sanitetsforeining i 1917, omfatta den heile Davik kommune, frå Torheim til Husevåg. Kommunen bestod av øyer og veglause bygder, med lite kommunikasjonar utanom privat skyss. Dette geografiske området, delt inn i 25 arbeidslag, stod ved lag fram til kommunereguleringa i 1964. Etter det var berre sørsida av Davik kommune med i foreininga.

Saniteten si framtid

I jubileumsåret er det Tordis Bakke frå Davik som er leiar. Ho overtok leiarvervet i 2015.

– Då eg overtok, såg eg straks at foreininga var på fallande kurve. Vi må innstille oss på minst mogleg aktivitet, ettersom vi er «godt vaksne». Vi tek imot post og har korrespondanse med NKS sentralt. Arbeidet innanfor laget har skifta karakter på fleire vis, seier ho, og fortel at den yngste som er med er i 40-åra.

Bakke fortel at laget årleg tek del i Sanitetens Fylkeslotteri der halvparten av inntekta går til Davik sanitetsforeining, og blir nytta til ymse tiltak i lokalmiljøet. Og kvar haust steller laga i Davik og Rugsund til skulefrukost like før haustferien. Eit svært populært tiltak.

Henny Lillebø trur både drift av laget og val av støtteprosjekt må leggjast om for å ha appell i dag.

– Med auka eldre befolkning vil trongen for å fylle dagane med meining melde seg. Her vil truleg sanitetslaga ha ei utfordring. Men yngre krefter må til for å drive arbeidet på ein god måte. Men, det er vanskeleg å vite kva som skal til for å få fleire aktive, avsluttar ho.