– Vogga er spesiell, eg er veldig nøgd med den, seier Ole-Martin om møbelet han laga på oppdrag frå Ove Lillestøl, leiar på avdeling for yrkesfag ved Eid vidaregåande skule.

Fine detaljar: Vogga er ein kopi av ei gammal vogge frå Lillestøl-garden på Løkjaneset. Same type vogge er også funne på Leikvin.

Lillestøl har slektsrøter på Haugen, der dei har ein tradisjon med å bere ei boga bjørk inn i bryllaupslokalet, med tilhøyrande «bjørketale». Bjørka skal så bli til voggemeiar.

– Fekk plankane i handa

Då bror til Ove gifta seg i 2014, heldt dei tradisjonen med bjørketale ved like.

Men i staden for å nøye seg med berre meiane, laga dei ei heil vogge. Vogga er ein nøyaktig kopi av vogga faren deira låg i som liten på Løkjaneset.

CNC: Du kan få til det meste med datastyrt fres.

Vesle Sofie har allereie brukt det fine møbelet.

– Eg fekk bjørkeplankane i handa og i oppgåve å lage ein kopi av den gamle vogga. Først måtte eg teikne den i 3D, så la eg teikningane inn på ein CNC datafres som gjorde det meste av jobben. Berre pussing, høvling og liming var handarbeid, fortel Ole Martin.

– Fekk Meget godt

21-åringen er for lengst ferdig med den toårige møbelsnekkarutdanninga. Etter to år som lærling ved Nordvestvinduet er han no tilsett ved verksemda i Almenning.

Halsteinslid likar utfordringar, og fortel at han er den første i historia til Nordvestvinduet som har laga eit bogevindauge på fagprøva.

Kan demonterast: Det er gjort justeringar ved vogga i høve til originalen, mellom anna kan ho takast frå kvarandre.

– Det var for kjedeleg å berre lage eit vanleg firkanta. Eg måtte gjere noko vanskelegare. Bogevindauget var ei tinging frå ein kunde til Nordvestvinduet. Så eg laga det, og fekk Meget godt. Vogga og bogevindauget er det mest spesielle eg har laga.

Voggesnekkaren var ikkje heilt tilfeldig vald.

– Eg måtte ha ein elev med nok kunnskap til å lage teikningane i Solidworks 3D teikneprogram, og som kunne bruke CNC datafres. Eg ynskte også å gjere nokre små endringar. Sengebotnen skulle lenger ned og ein måtte kunne demontere vogga, seier Ove Lillestøl.

Moderne maskinpark

Lillestøl fortel at Eid vidaregåande skule har investert i ein topp moderne maskinpark ved lina for Industriell møbelproduksjon.

Data: Kulene på toppen av gavlane er fine detaljar. Vogga er teikna i 3D og datafresa. Pussing, høvling og liming er handarbeid.

– Nyleg kjøpte vi ein femaksa fres til 1,5 millionar kroner. Vi prøvar å lære elevane å teikne i Solidworks 3D først, før dei så lærer seg med fresen så tidleg som råd i utdanningsløpet. Vi har tolv elevar innan dette fagfeltet årleg, og sender dei ut som lærlingar i verksemder i Nordfjord og på Sunnmøre, avsluttar Ove Lillestøl.