– For oss gjeld det berre å få med nok folk som kan spele, seier kaptein på Åheim/Stadt, Per Arne Ekremsæter.

Men sjølv med svekka lag, meiner Ekremsæter at laga hadde kvar sin omgang på Munkvoll stadion i helga.

– Moltustranda scora to kjappe heilt i starten av kampen på grunn av personlege feil hos oss, men så reduserte vi og tok over i andre omgang. Men i staden for å utlikne fekk vi straffe i mot, og då rakna vi, fortel han, og innrømmer at Moltustranda til slutt vann fortent.

– Men det skulle ikkje ha vore ein tremålssiger, så stor forskjell på laga var det ikkje.

– Det er einaste kampen som er att, som vi trur vi kan plukke poeng i. Mot Sæbø og Bergsøy reknar vi med å tape, så der er det eit mål i seg sjølv og klare å stille eit heilt lag, avsluttar han.

KAMPFAKTA

6. divisjon, menn

Moltustranda – Åheim/Stadlandet 4–1 (2–0)

Mål Å: Per Arne Ekremsæter

Dommar: David Fiskaa, Spjelkavik