– Frå 15. mai 2018 arbeider de på verdas beste sildefabrikk for halvkonserves produkt. Det skal investerast 65 millionar kroner på fabrikken i Kalvåg, og vi startar arbeidet om tre veker. Gratulerer med dagen! sa Per Røys, som er tilbake som fabrikksjef, på eit allmøte på Pelagia Kalvåg måndag.

Pelagia har gjennomført store utbyggingar i Måløy og Selje dei siste åra og no varslar fiskerikonsernet investeringar i Kalvåg som ytterlegare regionen sin posisjon i den pelagiske industrien.

Alt 15. oktober startar bygginga av nytt kjølelager i Kalvåg ved sidan av Nordsjøterminalen. Det nye lageret blir på 82 gonger 31 meter og skal romme 34.000 tønner sildeprodukt.

Doblar kapasiteten

I dagens fabrikkbygning skal alt av marineringsutstyr skiftast ut, og det blir installerast nytt anlegg som doblar kapasiteten på marinering og krydring av sildeprodukt, frå 100 til 200 tønner i timen. I gilling-avdelinga, kor det produserast matjessild, kjem det nye full- automatiserte maskiner.

– Dette er tidenes satsing ved fabrikken i Kalvåg. Det er ei sterk tillitserklæring frå Pelagia til oss. Dei har sett verdien av den samla kompetansen som ligg i vårt produksjonsmiljø, og vel å satse på Kalvåg som sitt hovudanlegg for bearbeidde sildeprodukt, seier Røys, som meiner anlegget kan vise til gode resultat:

– Dei har sett at marinering av sildeprodukt er noko vi kan, og det vil dei no bygge vidare på. Vi kan ikkje konkurrere på volum, men vi kan konkurrere på kvalitet, og der skal vi bli best, ikkje minst takka gode medarbeidarar.

Det jobbar rundt 60 tilsette ved Pelagia sin fabrikk i Kalvåg.

Per Røys meiner satsinga er mogleg å få til fordi Bremanger kommune har bygd ut Kalvøya, og lagt til rette for ny utvikling.

– Vi har hatt eit veldig godt samarbeid med kommunen og ikkje minst rådmann Tom Joensen. Ein ting er fine planar, noko heilt anna er framtidsretta tenking og handling. Dette ser industrien, og då satsar dei.

Fabrikken har kort veg til NVG-silda på den tida den har best kvalitet, det er kort veg til matjessilda om sommaren, og det er ypparleg plassering i høve nordsjøsilda når den har best kvalitet.

Vedtaket om å satse på Kalvåg, gjer også at fabrikken i Kalvåg får ein langt meir sjølvstendig rolle i Pelagia. Det gjeld så vel kjøp og disponering av råstoff, sal av ferdigvare, vidare utvikling av produkt og prosessar, og betre service til leverandørar, kundar og tilsette. Medan Per Røys er tilbake som fabrikksjef i Kalvåg går Vivian Stephenson inn i ei ny stilling som produksjonssjef.

– Dette blir gjort for å stå betre rusta til å løyse oppgåvene i den nye satsinga, seier Røys.