– Vi har eit kvinneunderskot i kommunen vår. Mykje av grunnen til det er at kvinnene i større grad enn menn tar høgare utdanning. Dei reiser til dei store byane for å ta utdanning, og så kjem dei ikkje tilbake, seier Humborstad.

Les meir om «Likestilt» her.

Ifølge tal frå KommuneProfilen er 53,3 prosent av innbyggjarane i Vågsøy mellom 20 og 66 år menn. 46,7 prosent er kvinner. Tala for Selje er 48,2 prosent kvinner og 51,8 prosent menn, i Bremanger er det 47 prosent kvinner og 53 prosent menn, i Eid er det 48 prosent kvinner og 52 prosent menn og i Vanylven er der 47,7 prosent damer og 52,3 prosent menn.

Ho meiner det er fleire grunnar til at kvinnene ikkje kjem tilbake.

– I Vågsøy er vi så heldige å ha eit innovativt og framoverlent næringsliv, og hele 74 prosent av arbeidsstyrken vår finn seg i privat sektor. Men det er ei kjent sak at kvinner i stor grad søkjer seg til offentleg sektor. Sju av ti i offentleg sektor er kvinner. Det er ei utfordring for vårt samfunn fordi vi har få offentlege arbeidsplassar, og ein mannsdominert næringsstruktur. Vi har ofte jobb til han, men ikkje til henne.

Få offentlege arbeidsplassar

Om ein skal klare å behalde og trekke til seg nye innbyggjarar meiner Humborstad det er viktig at å ta vare på dei offentlege og statlege arbeidsplassane ein har.

– Viss vi ikkje har denne typen arbeidsplassar, vil vi miste enda meir folk. Vi har slite med fråflytting og befolkningsnedgang i mange år, og det har mykje med arbeidsmarknaden vår å gjere. Det som er positivt er at det dei siste åra har vakse fram eit spennande og innovativt miljø innan både IT og skipsdesign. Dette gjer oss meir attraktive for innflytting av høgt utdanna menneske, fortset ho.

– Forsking og turisme er vegen å gå

Humborstad meiner at ein må satse på nye næringar for å få fleire kvinner til Vågsøy.

– Ei satsing på turisme kunne generert ein del arbeidsplassar. I tillegg kan ei slik satsing vere med på å skape meir trivsel og bulyst.

Den daglege leiaren peiker også på forsking som eit satsingsområde.

– Måløy og regionen rundt har stor marin aktivitet, både retta mot fangst, fiske og oppdrett, men også mot leverandørindustrien. Mange av desse aktørane driv med forsking og utviklingsarbeid, men vi har få arbeidsplassar innan området. I Nordfjord Vekst har vi eit forprosjekt gåande der vi har fått 200.000 kroner i støtte frå det kommunale næringsfondet for å sjå på om ein kan få etablert eit lønsamt FoU-miljø innanfor marin næring i Måløy. Dette er noko som vil kunne skape nye arbeidsplassar, men også trekke studentar og forskarar til Måløy.