– Det er viktig at alle barn kan kjenne seg igjen i ulike litterære barnebøker. Eg har også tenkt mykje på å lage ei faktabok for barn, med temaet «kva er ein familie». Mange barn trur det må vere mor, far og barn. Her har foreldre, barnehagar og skular ein jobb å gjere, seier Balsnes Klettke.

Les meir om «Likestilt» her.

Sjølv er Evy, som er fødd og oppvaksen på Haugen i Eid, gift med Rikke. Saman har det tre barn, Carmen (8), Maxim (7) og Eylah (4). Heilt sidan eigen oppvekst har ho vore oppteken av familie, og visst at familien hennar kom til å sjå slik ut.

– Eg er veldig glad for at familien min er akkurat som den er.

Vil dekke eit behov

Bokprosjektet er langt på veg ferdig. Alle kapitla er skrivne, og Evy og samarbeidspartnarane er på leit etter den riktige illustratøren til prosjektet.

– For ei tid tilbake tok eg kontakt med Team Fearless, med Anja Hammerseng-Edin og Ivar Haugstad i spissen. Dei likte ideen min, og ville bidra til prosjektet. Dette er veldig spennande. Dei er dyktige menneske som brenn for eit inkluderande samfunn, fortel Evy.

Sidan den gong har ho og kollegaen Liv Anne Slagsvold Vedum skrive på boka som handlar om familiekonstellasjonar.

Heilt sidan oppvekst sin har Evy vore oppteken av familie, og visst at familien hennar kom til å sjå slik ut. Her er ho saman med Rikke og barna Carmen, Maxim og Eylah.

– Kort fortalt møter lesaren barn som lever i ulike familieforhold. Det kan vere barn med foreldre av same kjønn, barn som bur i fosterheim, ein flyktningfamilie frå Syria eller ein tradisjonell familie, forklarar Evy.

Målgruppa for boka er barn mellom seks og ti år.

– Vi ser for oss at tekstane både er nyttige som pedagogiske verktøy, men også som ei bok som passar inn i dei enkelte heimane der ute. Dette er ei type bok som barnehagar og skular verkeleg trenger, seier Evy, og legg til:

– Hovudgrunnen til at eg kom inn på denne tanken er jo at eg sjølv har ei familie som er litt annleis ved første augekast. Men eigentleg er vi akkurat som alle andre, og det er vel eigentleg noko av det eg syns er viktigast å få fram både i boka og via bloggen min.

For lite informasjon

Evy og familien er busett på Hamar, og i barnehagen har det blitt nokre spørsmål om kvifor Evy og Rikke sine barn har to mammaer.

Balsnes Klettke føler ikkje at nokon i lokalsamfunnet ser annleis på hennar familie. Men samstundes understrekar ho at det ikkje er slik i alle lokalsamfunn i Norge i dag.

– Mi meining er at det er altfor lite informasjon om temaet i barnebøker og barne-tv. Så det er jo ein av grunnane til at eg ønskjer å lage ei bok om ulike familiekonstellasjonar.

Kjenner seg som Pippi

Bokprosjektet er langt frå det einaste som opptar Evy.

– Eg er veldig glad i utfordringar, litt sånn Pippi Langstrømpe. Det har eg aldri prøvd, så det får eg sikkert til, slår Evy fast.

– Eg trur nok at mitt fokus på helse er noko større enn gjennomsnittet. Helse famnar så mykje, og det har mykje å seie for livskvaliteten. Det handlar om både fysisk og psykisk helse. Eg og Rikke er opptatt av å vidareføre interessa for fysisk aktivitet til våre barn, slik at dei også får gleda av ein aktiv kvardag.

Evy er utdanna adjunkt med opprykk, og har blant anna ei bachelorutdanning frå Noregs idrettshøgskole. Sidan 2008 ho jobba som pedagog i Stange.

I tillegg til å skrive bok seier Evy at ho er over gjennomsnittet oppteken av helse. 35-åringen spelte aktivt fotball fram til 2008, og har delteke i fleire ritt og løp.

Evy spelte aktivt fotball fram til 2008 på relativt høgt nivå, men etter at ho vart mamma i 2009 vart det andre roller som vart førsteprioritert. Likevel er ho framleis aktiv.

– Det har blitt ein del langturar, både på sykkel og ski. Eg er ingen syklist eller skiløpar, men eg er glad i å pushe meg sjølv. Eg har sykla Birkebeinerrittet to gonger, og gått Halvvasan. I tillegg har eg deltatt på ein del mindre løp og ritt. Eg er nok litt miljøskadd sidan Rikke også er svært opptatt av fysisk aktivitet. Til sommaren har vi planar om både Besseggen og Galdhøpiggen saman med dei to eldste barna. Så interessa for friluftsliv er der absolutt, men også iveren etter nye utfordringar.