– Kanskje dei då kan danne eit band som kan spele på neste års festival, smiler Kent Rune Bugjerde i Strandfestivalen.

– Mange av brukarane våre ønskjer å lære seg å spele instrument og starte band. Det å bruke pengar frå ein musikkfestival på instrument, må jo vere midt i blinken, seier Katrine Holvik Skinlo, som er gruppeleiar for miljøtenesta.

Ikkje kvardagskost

Allereie før festivalen sa komiteen at ti prosent av overskotet skulle gå til miljøtenesta i Vågsøy kommune, og tysdag kunne Bugjerde, Eva Marie Pleym og Rune Eriksen i festivalen overrekke 34.000 kroner og kake til brukarane av miljøtenesta.

– Brukarane er ei gruppe som fell litt mellom, så vi ville gjerne vere med å støtte dei, seier Eriksen.

– Det her er utruleg kjekt, og ikkje kvardagskost for oss, seier Anette Hagen i miljøtenesta.

– Eg har lyst til at vi ein dag det er fint vêr kan reise på tur alle saman, sa Reidun.

– Eg håpar pengane kan gå til middag på Torsdagsklubben, supplerte John-Andre.

Leiinga for miljøtenesta er klare på at pengane skal gå til noko som alle kan få nytte av.

– Dette skal brukast på noko som alle kan ta del i, seier Hagen, som fortel at det er rundt 40 brukarar av miljøtenesta i Vågsøy kommune i dag.

Brukar pengar på bygda

Før festivalen gjorde komiteen det klart at også litt av overskotet skulle gå til å legge til rette Lensmannshuset i Refvik for personar med nedsett funksjonsevne.

No har komiteen stifta eit selskap under namnet Strandfestivalen Refvik, som skal ta seg av arrangeringa av komande festivalar i bygda.