– Veidekke er innstilt som nummer ein, og no går vi i kontraktforhandlingar med dei. Dette er ei såkalla hovudentrepriseform, så entreprenøren som har byggfag er den som må koordinere dei andre tekniske faga, forklarar Ove Bjørlo i Eid industrihus.

Med seg har Veidekke verksemdene Caverion på elektro, Isovent på ventilasjon, Nesbakk på rør og Normatic på SD-anlegg.

– Veidekke låg ein million over kalkylen, medan den dyraste låg 6,5 millionar kroner over det igjen, fortel Bjørlo.

Bygginga skal starte rundt juletider i år, og bygget skal stå ferdig 1. januar 2019.