Dette vart klart på kommunestyremøtet i Eid torsdag.

Grensejusteringa omfattar om lag 550 innbyggjarar i dagens Vågsøy kommune.

I oppsummeringa frå Telemarksforsking heiter det:

«Dersom Bryggja blir del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane ut frå ekspertutvalets kriterier bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune med kortare avstandar samanlikna med Kinn. Sterkare tilknyting og identitet i høve til Stad kan og vera positivt for lokalpolitisk engasjement og medverknad.»