Kommunestyret i Eid seier ja til grensejustering. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Kommunestyret i Eid seier ja til grensejustering. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Tilrår grensejustering

Kommunestyret i Eid tilrår at det vert gjennomført grensejustering slik at krinsane Totland, Bryggja og Maurstad vert del av nye Stad kommune frå 1. januar 2020.

Dette vart klart på kommunestyremøtet i Eid torsdag.

Grensejusteringa omfattar om lag 550 innbyggjarar i dagens Vågsøy kommune.


Bryggja nærmer seg Stad:

Sogn og Fjordane sier ja til grensejusteringen

Med seks mot tre stemmer slo fylkesutvalet tirsdag fast at Sogn og Fjordane fylkeskommune er positiv til en justering av kommunegrensene for grendene Bryggja, Totland og Maurstad i dagens Vågsøy kommune.

Saka er sendt ut på høyring av Fylkesmannen på bakgrunn av eit innbyggjarinitiativ frå Bryggja Utviklingslag. Ei spørjeundersøking gjennomført på oppdrag av Telemarksforsking syner at 79 prosent av innbyggjarane på Bryggja er positive til å bli del av Stad kommune, medan 14 prosent er positive til å bli del av Kinn kommune.

 I oppsummeringa frå Telemarksforsking heiter det:

«Dersom Bryggja blir del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane ut frå ekspertutvalets kriterier bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune med kortare avstandar samanlikna med Kinn. Sterkare tilknyting og identitet i høve til Stad kan og vera positivt for lokalpolitisk engasjement og medverknad.»

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå