Ragnhild Bjørlo vart heidra med Kongens fortenestemedalje. Foto: Privat

Ragnhild Bjørlo vart heidra med Kongens fortenestemedalje. Foto: Privat

Heidra med Kongens fortenestemedalje

Ragnhild Bjørlo (78) frå Nordfjordeid vart måndag 9. oktober tildelt Kongens fortenestemedalje for sin innsats for Sanitets-arbeidet i Sogn og Fjordane.

Ragnhild Bjørlo har vore leiar i Nordfjordeid Sanitetsforening i 12 år, styremedlem i Sogn og Fjordane Sanitetsforening i 13 år og nestleiar i fylkeslaget i 12 år.

Ho har også leia beredskapsarbeidet i Sogn og Fjordane Sanitetsforening sidan det vart starta opp i 2007, og hatt ei rad andre roller og oppgåver i sanitetsarbeidet.

Fortenestemedaljen vart utdelt på eit felles arrangement for sanitetslaga i Nordfjord av fylkesleiar Anne Marie Strømsøy og leiar i Norske Kvinners Sanitetsforening, Ellen-Sofie Egeland.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå