Elise Marie Myrvang Eikeland frå Måløy og Silje Fostervold Husby frå Kleive utanfor Molde (på biletet) har starta ein innsamlingsaksjon. Silje har cerebral parese, men ein operasjon i England kan gi ho eit betre liv. Til saman treng dei 170.000 kroner. Foto: Privat

Elise Marie Myrvang Eikeland frå Måløy og Silje Fostervold Husby frå Kleive utanfor Molde (på biletet) har starta ein innsamlingsaksjon. Silje har cerebral parese, men ein operasjon i England kan gi ho eit betre liv. Til saman treng dei 170.000 kroner. Foto: Privat

«Likestilt»:

Samlar inn pengar til Silje sin operasjon

Elise Marie Myrvang Eikeland frå Måløy samlar inn midlar til sin CP-ramma kjæraste.

Innsamlingsaksjonen for Silje Fostervold Husby (28) har gått føre seg i litt over ein månad. Laurdag selde kjærasteparet lopper under Abbeldagane på Davik for å komme nærmare målet på 170.000 kroner.

Les meir om «Likestilt» her.

– Det er mykje pengar, men vi møter enormt med positiv respons, fortel dei to, som laurdag selde lopper under Abbeldagane på Davik.

– Salet har gått veldig bra, og folk gir meir enn ting kostar. Vi opplever ein utruleg givarglede, smiler måløyværingen som er busett på Davik.

Silje har cerebral parese, ein sjukdom som skuldast ein skade i hjernen og fører til forstyrringar av muskelkontrollen. Operasjonen som kan gi Silje eit betre liv er ikkje tilgjengeleg i Norge, men dersom dei får inn nok pengar, kan ho opererast i England.

Innsamling: Silje F. Husby (t.v.) og Elise M. Eikeland under Abbeldagane på Davik. Foto: Julianne Flolø

Innsamling: Silje F. Husby (t.v.) og Elise M. Eikeland under Abbeldagane på Davik. Foto: Julianne Flolø

 

Den CP-ramma 28-åringen kjem opphavleg frå Kleive utenfor Molde, men bor Trondheim. For tre månadar sidan møtte ho Elise Marie Myrvang Eikeland frå Måløy gjennom internett. No er dei to kjærastar, og har starta innsamlingsaksjon for operasjonen.

Så langt har dei samla inn litt over 1.000 britiske pund, litt over 10.000 norske kroner.

– Silje er veldig flink med handarbeid, og er særleg god på å måle. Difor sel vi mellom anna måleri som Silje har laga, fortel Myrvang Eikeland og legg til:

– Vi opplever stor interesse frå folk over heile verda. Alt frå skistjerner frå Austerrike, til kunstgalleri i New York og norske kjendisar, smiler dei.

Måløyværingen fortel at ho har vore i kontakt med komikar Kåss Furuseth, som er veldig positiv til å både kome med tips og bidra sjølv i innsamlinga.

Trass i engasjement er det vanskeleg å skaffe store summar.

– Vi har vore i kontakt med ein del bedrifter, men mange har allereie avtaler med andre organisasjonar, fortel kjærasteparet.

Dei var i Nottingham i England førre veke, kor kirurgen som skal utføre operasjonen gav klarsignal til Silje.

– Alt er i orden, det er berre pengane som manglar, fortel ho.

Dei forklarar at operasjonen vil bety ein ny kvardag og eit nytt liv for Silje.

– Operasjonen heiter SDR (selective Dorsal Rhizotomy), og inneber å kutte i nervebanene. Eg har kroniske smerter, og etter ein eventuell operasjon vil desse forsvinne, påpeiker Fostervold Husby.

I tillegg vil ho kunne stå beint og bygge musklar.

– Ein kan samanlikne operasjonen med å gå frå at beina mine no er som tømmerstokkar til at det kjennast ut som vanlege føter. Det hadde vore heilt fantastisk, smiler ho.

Ifølgje Myrvang Eikeland er operasjonen ikkje tilgjengeleg i Norge fordi ein ikkje er samde om kriteria.

– Det er diskusjon om kor gamle ein må vere for å få den, og vi hadde ikkje høyrt om den i det heile tatt. Eg skulle søke etter fiskeutstyr for funksjonshemma på nettet og kom tilfeldigvis over informasjonen, påpeiker Myrvang Eikeland. Operasjonen vil medføre eitt og eit halvt år med rehabilitering.

– Det er ikkje lenge samanlikna med kor annleis livet blir. Vi er positive og håpar at folk vil bidra på vegen, avsluttar dei.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Likestilt
  • Reportasjeserie som blei starta i Fjordenes Tidende i mars. Prosjektet har som mål å gi eit bilde av kvinner sin kvardag i 2017, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa
Leses nå