Kommunestyret i Eid har vedteke ein sykkelstrategi som skal få fleire av innbyggjarane til å nytte sykkelen. Dette gjer dei av omsyn til helse og miljø. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Kommunestyret i Eid har vedteke ein sykkelstrategi som skal få fleire av innbyggjarane til å nytte sykkelen. Dette gjer dei av omsyn til helse og miljø. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug

Vil legge til rette for meir sykling

Kommunestyret i Eid vedtok på møtet torsdag den første sykkelstrategien for kommunen: Sykle i Eid.

– Målet med strategien er å legge til rette for auka sykkelbruk i Eid. Dette gjer vi av omsyn til helse, miljø og for å skape eit meir triveleg og sosialt lokalsamfunn, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).


Fire av ti mener syklister ikke følger trafikkreglene

De som sykler mye er mest positive, viser en undersøkelse som er foretatt av Ipsos for Gjensidige.

Born og unge og tilsette i Eid kommune er peika spesielt ut som målgrupper i planen.

I sykkelstrategien har ein peika seg ut fleire konkrete mål som alle skal gjennomførast innan 2020:

Halvparten av elevane ved Eid ungdomsskule og Eid vidaregåande skule skal gå eller sykle tre eller fleire dagar i veka, ein av ti reiser på vegane i skuleområdet på Nordfjordeid skal utførast med sykkel og det skal vere etablert tilgang til utlån av sykkel til bruk i skulen.


Desse tjuvane slår til etter ferien

Sykkeltjuvane set inn støtet når sommarferien er over, viser nye tjuverital.

I planen er det også peika på eit mål for dei kommunale institusjonane.

– Innan 2020 skal alle kommunale institusjonar i Nordfjordeid sentrum ha tilgang på sykkel som kan nyttast i arbeidstida, heiter det i den nye sykkelstrategien.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå