Namn: Roar Lødøen

Alder: 78

Adresse: Måløy

Sivilstatus: gift

Yrke: pensjonist

Hobby: hagearbeid, båten og hytta

Aktuell med: er leiar for Vågsøy Eldreråd, som saman med Bryggja Pensjonistlag og Vågsøy Pensjonistlag laurdag markerer eldredagen i Vågsøy.

– Kva skal skje på markeringa av eldredagen i Vågsøy?

– Vi skal møtast på Parken Kulturhus på Raudeberg der det blir kaffi, kake, prat og underhaldning. Karoline Myhre skal synge ein, to eller tre songar for oss, og Wåges spelar til song og har eigne nummer til underhaldning. I tillegg har dei eit lite skulemuseum på kulturhuset med gamle skulepultar og forskjellig som sikkert mange av pensjonistane kan kjenne att frå si skuletid. Dei som er interesserte kan få ei omvising der.

– Plar dei tre laga å samarbeide om å arrangere eldredagen?

– Ja, det har blitt ein tradisjon. Då fordelar vi oppgåvene mellom oss, og så rullerer vi på kvar vi har arrangementet.

– Kven er eldredagen for?

– Det er inga aldersgrense. Alle som har lyst kan møte opp. Både unge og gamle.

– Kor mange plar vere med?

– I fjor var vi om lag 100 stykk. Men det har vore fleire tidlegare. Det blir spennande å sjå kor mange som dukkar opp.

– Eldredagen har eit tema. Kva er det i år?

– Årets dag handlar om at vi kan legge betre til rette for bidrag frå eldre. Både i familie, nærmiljø og i storsamfunnet kan og vil eldre delta meir. Andre plassar brukar ein til dømes eldre til å fortelje og lese i barnehagane.

– Kvifor er det viktig med ein slik dag?

– For å få markert at dei eldre etter kvart er ei stor gruppe i samfunnet som sit på ein god del kompetanse som kan bli utnytta. I tillegg har mange av dei eldre verkeleg gjort ein innsats. Ein sakkar om at ungdomane ikkje har det lett i dag, men det hadde ikkje dei som var ungdomar rett etter krigen heller. Då var det rett ut i arbeid etter at du var konfirmert. I tillegg til å markere dette er det kjekt og møtest å gjere noko i lag. Det ser vi på at mange gjerne vil vere med.