– Suksessoppskrifta er nok at vi heile vegen har vore opptekne av å gi tilbake til lokalsamfunnet. Dei første åtte åra bidrog vi med 650.000 kroner til lag og organisasjonar i kommunen. Dei to siste åra har overskotet gått inn i planlegging og drift av Parken Kulturhus, forklarar Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg, som arrangerer Heim i Haust for tiande gong i år.

Viser fram moglegheitene

10-årsjubileet skal gå føre seg i Parken Kulturhus frå torsdag til laurdag i neste veke.

– 19. oktober 2007 var ein milepæl for oss. Statens vegvesen bad oss om å ta opningsarrangementet for den nye vegen, og dette vart starten på Heim i Haust. Hadde vi ikkje fått vegen då så hadde kanskje ikkje Heim i Haust eller kulturhuset blitt noko av, seier Ole Mathisen i Aktiv Raudeberg.

Ti år etter vegopninga er komiteen klare for nok ei utgåve av det etter kvart så tradisjonelle arrangementet.

– Vi køyrer i stort sett same spor som tidlegare, men vi har også ein god del nytt på programmet, seier Ole Mathisen, og viser til to dagar med «Eit hav av moglegheiter» på programmet.

– Heim i haust handlar om å få folk til å flytte heim. No gjer vi det på ein litt annan måte enn tidlegare ved at vi inviterer elevar frå ungdomsskulen i Måløy, på Stadlandet og i Selje, samt elevar frå Måløy vidaregåande skule til ein dag med informasjon og fiskeri og havbruk. Dette for at dei skal få opp auga for kva moglegheiter som ligg i området vårt før dei vel eit utdanningsløp, forklarar han vidare.

Fredag ettermiddag blir det «Nybakk i moloen», aktivitetar på Raudeberg skule og loppemarknad i det gamle Coop-bygget. På kvelden blir det «Fra Sinatra til Elvis» med Torskangerpoll Musikklag og Isak Søraa.

– Fjernsynet stel mykje folk, men vi håpar folk lettar seg frå godstolane denne kvelden. Musikklaget kjem igjen år etter år, så dette veit vi blir bra. Vi håpar folk kjenner si gjestingstid, seier komiteen.

Vil vere dagsaktuelle

På laurdagen blir det blant anna utkledning og hoppeslott for barna, musikk ved Vågsøy skulekorps og Vågsøy kulturskule, og det blir foredrag om Kinn med Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) og informasjon om ny teknologi ved Per Jørgen Silden i Skipskompetanse.

– Vi prøvar kvart år å ha eit tema for dagen. For to år sidan hadde vi Frank Aarebrot her, som snakka om kommunereform, og i fjor var Arvid Andenæs her og fortalde om kysten som satsingsområde, seier Iversen.

Laurdag kveld er det klart for den tredje utgåva av oktoberfesten på Raudeberg.

– Dette har vore ein vilkårslaus suksess. Dei to føregåande åra har det vore mellom 400 og 500 menneske på oktoberfesten, og om lag 1.000 menneske innom dørene i løpet at arrangementet i sin heilskap, fortel Iversen, som legg til at tyrollergrupper frå Måløy Musikklag og Florø, samt Vassverkgutane skal underhalde på oktoberfesten.

Viktig for økonomien

Arrangementet har sidan oppstarten gått med overskot kvart einaste år. Komiteen fortel at dei til den tiande utgåva av Heim i Haust har fått med seg rekordmange sponsorar.

– Vi har fått med 86 sponsorar. Vi har aldri hatt så god tilbakemelding frå sponsorane tidlegare. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde vi ikkje klart å lage til ein så stor happening her i bygda, seier Arve Horn.

– Får vi til eit godt arrangement kan inntektene dekke halvparten av driftsutgiftene som vi har i løpet av eit år, legg Iversen til.