– Det har vore litt hektisk dei siste dagane, men no har vi endeleg opna dørene, smiler Blålid.

Treningssenteret på 420 kvadratmeter inneheld både treningsapparat og vekter til kondisjons- og styrketrening.

Sprek365 Måløy er ein del av Sprek365 som er starta av Hans Arne Bjørdal-Hjeldnes. Senteret ligg i Deknepollen, vegg-i-vegg med blant anna G-sport.

– Her har vi sportsbutikk, daglegvarebutikk, mykje parkering og vi får gratisreklame i form av at vi ligg så nærme ein godt trafikkert veg.

Du kan lese meir om det nye treningssenteret i Fjordenes Tidende tysdag.