Halvanna år seinare er SammeVei-applikasjonen blitt ein realitet. Med om lag same grensesnitt som Uber, kan du kome i kontakt med folk som skal same veg som deg sjølv.

Etter mange timar i bilen i kreativ modus heim frå Måløy til Oslo var han nemleg krystallklar i ein ting.

– Det er for dumt å køyre 50 mil heilt åleine i bilen, seier 37-åringen.

Versjon 2.0.

Ideen gjekk frå hjerneborken til teiknebordet mot slutten av 2015, og i fjor haust kom fyrste versjonen av SammeVei-appen.

– Vi fekk mange gode tilbakemeldingar, og då bestemde vi oss for å gå for dette for fullt. Versjon nummer to kom i mai i år, og no er vi klare for å promotere, fortel gründeren.

Målet er å fylle opp bilane som går på dei mest trafikkerte strekningane i Oslo fyrst.

– Eit mål er at det skal bli like lett å sitje på med nokon som å ta sin eigen bil, seier måløyværingen.

Ein kan sette seg inn i bilen, og melde ifrå i appen kor ein skal hen, og at ein med det kan tilby tur. Frå den andre kanten, kan ein sjekke om nokon med bil skal same veg som du. Det er ikkje nødvendig å avtale skyss på førehand.

– Ein vel om ein er i passasjer- eller i sjåførmodus, fortel Myklebust.

Spleiselag på kostnaden

Minsteprisen for ein tur er 33 kroner, og inntektsgrunnlaget til SammeVei-gründerane er at dei tek 20 prosent. For lengre turar som overskrid minstepris, er passasjerkostnaden 1,50 kr pr. kilometer.

– Summen passasjeren betalar for å sitje på skal berre dekkje relevante transportkostnader. Ein spleisar på pendlinga, rett og slett, fortel han.

Med det er ikkje SammeVei ei drosjeteneste, men ei teneste dersom du som sjåfør skal akkurat same vegen som den som vil sitje på.

– Vi slepp også diskusjonen rundt drosjeløyve og slike ting då, seier Myklebust.

Det er eit miljøaspekt involvert i dette, samtidig som at applikasjonen kan bidra til at mengda av bilar på vegen blir færre, og trafikken flyt betre. Med elbil kan segmentet 2+ utnyttast betre då desse kan køyre i kollektivfelta med minimum ein passasjer. Det er alltids dei som ikkje vil ha ukjende folk inn i bilen. Men Myklebust poengterer at SammeVei ikkje er som haiking.

– Her veit du namnet på den du skal plukke opp. Mentaliteten er også i ferd med å endre seg på slikt. Folk har også opna opp for andre tilbod som bevegar seg inn i det private, som mellom anna Air B’n’B som tilbyr privat overnatting og Nabobil der ein låner ut familiebilen.

Likar utfordringar

Måløyværingen har alltid likt utfordringar. Han gjekk på vidaregåande skule i Frankrike, og har også studert to år i USA. I «the land of opportunities» henta han mykje inspirasjon.

– Der er det veldig trykk rundt det å skape eigne bedrifter. Det inspirerte meg veldig. Dei tør verkeleg å kaste seg ut i ting der borte, og eg fekk også lyst, seier han.

No jobbar han tett med ein utviklar av tenesta, og dei er i tillegg to-tre deltidstilsette i SammeVei-teamet.

– Vi skal ut å snakke med brukarar om kva som fungerer og ikkje fungerer. Vi må få ut bodskapen på plassar som til dømes Fornebu der mange pendlarar jobbar, fortel han.

Potensialet bør vere til stades i den stadig meir utfordrande pendlarkvardagen, men dersom det ikkje skulle gå vegen er Myklebust klar for å gå inn i meir faste arbeidsrammer.

– Det verste som kan skje er at eg må få meg ein skikkeleg jobb, smiler den 37 år gamle gründeren.