Siv Oldeide har tatt det første steget mot draumejobben som kaptein. På vegen dit er det viktig for 21-åringen å vere sjølvstendig.

– Målet er å nå toppen. Eg skal bli kaptein ein gong. Ein kan ikkje la seg avgrense av sine eigne tankar. Eg har av og til tenkt på om eg kjem til å klare det, men så tenker eg også at kvifor skal ikkje eg klare det når han klarer det, og kvifor skal ikkje eg klare den jobben han klarar, seier Oldeide.

Les meir om «Likestilt» her.

Heile livet har ho hatt ei sterk tilknyting til sjøen. Som liten var ho med pappa Stig både til Murmansk og Danmark på fiske. Etter sjølv å ha tatt båtlappen då ho var 16 år var det båt som var framkomstmiddelet då ho skulle frå Kulen til Måløy for å ta pianotimar, eller på besøk til vener i Vågsvåg.

– Bestefar var fiskar, pappa er fiskar, broren min er maskinist på båt og søstera mi har har ein master i fiskeri og akvakultur, så eg er arveleg belasta, smiler ho.

Meiner respekt er nøkkelordet

21-åringen leverte bacheloroppgåva si i nautikk i juni. Utdanninga har ho tatt på NTNU i Ålesund. I klassa hennar var 10 av 40 studentar jenter.

I desse dagar mønstrar Oldeide om bord på skipet Svartfoss, ein 80 meter lang og 16 meter brei reefer i reiarlaget Eimskip, som kadett.

– Ein kjem inn i den lågaste stillinga, så eg tenker at det er viktig å vise respekt for dei over seg og gjere ein god innsats. Då kan ein krevje den same respekten tilbake. Respekt er nøkkelordet.

Eit mannsdominert miljø

Som kadett, styrmann og forhåpentlegvis kaptein tar Oldeide steget inn i eit mannsdominert miljø.

– Eg har fleire gongar spurt meg sjølv kva det er eg har gitt meg ut på. Eg har høyrt nokre stygge historier. Men det finst verstingar blant alle typar folk, og det er som regel dei ein høyre om. Resten er snille som lam. Eg trur det skal gå fint.

Skipet Svartfoss går i rute frå Murmansk, ned langs Norskekysten til Stavanger, så til Nederland, England og Skotland, før det går nordover mot Murmansk igjen.

– Båten stoppar jo på Raudeberg, så det kjem ikkje til å kjennest ut som eg er så langt vekke heimanfrå. Mamma kan jo til og med vinke til meg frå altanen, ler Oldeide.