Ungdomane budde sist veke på opplæringsfartøyet MS Skulebas, og det var også denne båten tilknytt Måløy vidaregåande skule som vart nytta da fiskaryrket skulle testast ut i praksis.

Fjordenes Tidende var med då ei line med 1.000 krokar vart sett i området frå Vågsvåg til Vombaneset. Ein del fangst vart det også, sjølv om lina berre stod knappe to timar i sjøen.

Knut Olav Indrevik Karstensen frå Davik var ein av dei som var trekt ut til å vere med på leiren i regi av Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag i Sogn og Fjordane (OKFH).

Vil teste ut fiskeri før gardsdrift

– Eg søkte fordi eg hadde lyst å sjå korleis det fungerer innan oppdrett og i ulike verksemder knytt til maritime næringar. Det har vore interessant og lærerikt, seier Indredavik Karstensen.

Han fortel at han vil søkje seg inn på naturbruk enten ved Måløy vidaregåande skule eller Mo vidaregåande skule neste haust.

– Eg har odel på ein gard i Davik, og med tida er planen å ta over garden. Men eg vil teste ut ulike syslar før eg tek over, det er spesielt interessant med havbruksnæringar. Det var slik far min gjorde det også, fortel davikaren.

Han fortel at han kjende tre av dei andre på leiren frå 4H og konfirmasjonsleir. Elles var det berre nye fjes. Ungdomane kom elles frå Måløy, Svelgen, Bremanger, Eid, Bulandet, Gulen, Eikefjord, Florø, Solund, Hyllestad og Gaular.

– Aukar rekrutteringa

Dette er 15. året leiren blir skipa. Det er også ei veke for jenter. Dagleg leiar Bjørn Kvalheim i OKFH seier erfaringa er at leiren fører til auka interesse og rekruttering til næringa.

– Vi brukar å sjå att ein del av leirdeltakarane på Måløy vidaregåande skule året etter. Leirdeltakarane blir plukka ut etter søknad. Jentegruppa vart akkurat full med dei søkjarane vi hadde, medan vi hadde 30 gutar som søkte på dei 12 plassane. Då vel vi ut etter kva som står i søknaden. Vi ser spesielt etter dei som er interesserte, men ikkje heilt har bestemt seg, seier Kvalheim. Han er sjølv med på heile leiren. Leirdeltakarane søv i lugarar om bord i Skulebas, og et mat i byssa på båten. Kvalheim sjølv gjer alt frå organisering av leiren til matlaging og vakthald.

Stigande søkjartal

Bjørn Kvalheim fortelt at interessa for studieplassar på naturbruk ved Måløy vidaregåande skule er stigande.

– Vi hadde problem med å fylle opp 12 studieplassar for nokre år sidan. Men i år var det 19 søkjarar til dei 12 plassane. Det er blitt rift om utdanninga. Det kan ha fleire årsaker, mellom anna at olje har gått ned og fiskeri opp. Det er gode prisar på kvitfisk, mange nybygg og gode prisar på laks. Samstundes har havbruksnæringa måtte tilpasse seg ordningar i oljenæringa, det vil seie at du har gunstig turnus og bra lønsnivå.

Skulebas gjekk først frå Måløy til Florø der leirdeltakarane frå Sunnfjord vart plukka opp. Der var dei mellom anna innom Haukå settefisk, Steinvik Fiskefarm, Svanøy Røykeri og Norsk Hjortesenter. I Kalvåg besøkte dei Pelagia og Brødrene Larsen, og dei var innom Marine Harvest Gulestø på veg nordover. I Måløy møtte dei Ervik Havfiske, Marine Harvest og Baatbygg. Onsdag kveld var det pizza og bowling, før det var linefiske, mann-over-bord-øving, besøk hjå EasyForm, Stadt Towing Tank og Selstad innan leiren slutta fredag.