– Vi arbeider for vekst og utvikling, men viktigast er å behalde kontrollen og kvaliteten på produkta. Ein må trivast for å lukkast slik. Og det gjer vi no, med seks tilsette inkludert oss sjølve, seier dagleg leiar Odd-Martin Nerland og broren Rolf Nerland som har ansvar for malar og utvikling.

– Vi har omstilt og effektivisert, i dag ligg vi på eit nivå der vi har kontroll på lønsemda, seier dagleg leiar Odd-Martin Nerland.

Reiknskapstala viser at verksemda under Måløybrua hadde eit overskot på 519.000 kroner før skatt av ein omsetnad på 5,3 millionar i 2016. Omsetnaden har vore stabil siste fire åra. Det er levert overskot, med 2014 som toppår ved sidan av 2016.

Måtte omstille

– Går vi lenger tilbake, finn vi minusresultat i drifta. Finanskrisen var tøff for oss som for resten av bransjen for fritidsbåtar. Vi måtte omstille og effektivisere. På eit tidspunkt hadde vi åtte millionar i omsetnad og 11 tilsette. Vi har funne eit nivå vi likar å drive på der vi har kontroll. Det var meir kav og mindre overskot då vi hadde større omsetnad. Det viktigast er ikkje nødvendigvis å vekse mykje, men å ligge på eit nivå der vi har forsvarleg lønsemd, seier Odd-Martin.

Liv Blålid er her i ferd med å sy ny kalesje til ein båt av typen «Vestkapp».

Han trur likevel bygginga av Stad skipstunnel kan gje verksemda eit løft, fordi dei får tilgang til marknaden nord for Stad.

– Vi bygde båthallen i 2005 og investerte samstundes i automatisering av maskinparken. Det har vist seg nyttig, seier Odd-Martin.

70-80 prosent båtkalesjer

I tillegg til kalesjer til fritidsbåtar som utgjer 70-80 prosent av omsetnaden, leverer dei spesialtilpassa produkt til verftsindustrien, fiskebåtar og oppdrettsnæringa – samt presenningar.

– Vi lagar mykje kalesjer i serie, men produksjonen er for spesialisert og for liten til å vurdere utflagging.

Kundane legg til ved denne kaia. Båtane kan takast inn i hallen bak.

Rekneskapen viser at likviditeten er solid. Men noko gullgruve seier brørne verksemda ikkje er. Dei tok over Måløy Industrisøm etter faren Martin Nerland som starta opp i 1966 saman med Helge Oppedal. Også mora deira har jobba der, så brørne vaks nærmast opp i lokala. Den tredje broren, Terje, er med på eigarsida, men ikkje involvert i dagleg drift.

Rolf Nerland sit på ein heilt spesiell fagkompetanse når det gjeld kalesjer til fritidsbåtar som truleg berre ein handfull personar i landet kan vise til.

Opptrekking av møblar var starten for Måløy Industrisøm. Men snart kom gründerane i kontakt med Saga Boats i Selje, ein kunde verksemda har hatt i 50 år, og som i dag er deira største. Måløy Industrisøm syr kalesjer til alle nye Saga-båtar, også til ettermarknaden.

Mange ulike malar

Rolf Nerland har no liggande kring 1.000 malar for kalesjer til ulike båtar oppetter veggane i båthallen der dei tek inn båtane rett frå sjøen.

Brørne Odd-Martin (t.h.) og Rolf Nerla nd i våtdokken til verksemda.

Ved sidan av at dei syr kalesjer til nye Saga-båtar, er ettermarknaden ein viktig del av forretninga. Spesielt til båttypar som er produsert i store seriar er det råd å få ein effektiv produksjon, også om vinteren då dei kan produsere til lager. For det er vår og sommar som er høgsesong.

– Malane kan ofte brukast opp att med noko tilpassing. Produsentane endrar gjerne litt på båtane heile tida, det må vi justere for. Produksjonen av kalesjene føregår på den måten at vi lastar malen inn på datasystemet, som står i samband med skjerebordet. Alt blir skore ut automatisk, før dei tre syarane våre gjer den mest tidkrevjande jobben med ferdigstilling. Vi syr 50-60 kalesjer på mål årleg, resten av dei totalt 400-500 kalesjene vi syr årleg har vi malar til, seier Rolf Nerland.

Marie Midtgård i ferd med å sy taktrekk til ein Saga-båt. Fritidsbåtprodusenten i Selje er den største enkeltkunden til Måløy Industrisøm.

Rolf har hatt ansvaret for malane i verksemda sidan midt på 1990-talet. Han seier han ikkje veit om meir enn ein handfull personar innan fagfeltet her til lands.

– Vi har eit par konkurrentar i Møre og Romsdal og nokre i bergensområdet, dei største er i Trøndelag og på Austlandet. Vi er ein mellomstor produsent.

Ved sidan av han og broren Odd-Martin, jobbar Liv Blålid, Marie Midtgård og Ingrid Gangeskar som syarar, og Gisle Tellevik med presenningar og spesialprodukt.