– Målet er å rekruttere fleire til næringane. Vi har slite med rekruttering til næringane våre, både fiskeri og havbruk, men trenden har snudd dei siste åra. Vi ser langs heile kysten at det er inn å vere fiskar igjen. Det viser også igjen ved at det ikkje er noko problem å fylle opp plassane ved Måløy vidaregåande skule, og høgskulane rapporterer om at det er mange fleire søkarar til deira plassar, fortel Bjørn Kvalheim ved opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag (OKFH).

Fruktbart samarbeid

Kvalheim vart tidlegare i år kontakta av arrangørane av Heim i Haust som ville lufte interessa for å legge to dagar med informasjon til elevar under Heim i Haust som skal gå føre seg i Parken Kulturhus på Raudeberg neste helg.

– Heim i haust handlar om å få folk til å flytte heim. No gjer vi det på ein litt annan måte enn tidlegare ved at vi inviterer elevar frå ungdomsskulen i Måløy, på Stadlandet og i Selje, samt elevar frå Måløy vidaregåande skule til ein dag med informasjon om fiskeri og havbruk. Dette for at dei skal få opp auga for kva moglegheiter som ligg i området vårt før dei vel eit utdanningsløp, seier Ole Mathisen i Aktiv Raudeberg som arrangerer Heim i Haust.

– Bedriftene har vore veldig positive. Dei seier jo ikkje nei til rekrutteringstiltak. Skulane har også vore veldig positive til å delta på arrangementet.

– Elevane veit for lite

Bjørn Kvalheim har nyleg vore på to marine rekrutteringsleiarar for ungdomsskuleelevar. På desse leirane får elevane besøke fiskebåtar og smolt- og oppdrettsanlegg.

Ser på fleire bransjar

Dette er første året at ein har laga eit informasjonsopplegg for elevar under Heim i Haust-arrangementet. Men komiteen ser allereie på moglegheitene for å gjere noko liknande dei komande åra.

– Tilbakemeldinga frå sponsorane er at neste år må vi ta bilindustrien eller skipsindustrien. Det er dei veldig interessert i, konstaterer Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg.