– Dette har vore ein draum for meg lenge. Det har ikkje gått opp for meg enno. Eg har jobba i tre-fire år på treningssenter i Ålesund, og har halde på med trening lenge. Eg har alltid hatt ein draum om å ha eit eige treningssenter, smiler Blålid.

– Her har vi sportsbutikk, daglegvarebutikk, mykje parkering og ein ser lokalet frå hovudvegen, seier Blålid.

Skal passe for alle

På senteret er det installert maskiner og apparat for både kondisjons- og stryketrening.

– Vi har ein god pakke for kondisjon med tredemøller, ellipsemaskiner og spinningsyklar. I tillegg får vi inn tre romaskiner. På styrke har vi mange ulike apparat som treffer heile kroppen og i tillegg har vi ei stor vektavdeling, forklarar sentereigaren.

– Vi kjem ikkje til å ha gruppetimar. Det er senteret i Måløy veldig gode på, og vi ønskjer å supplere det tilbodet som allereie finst.

Blålid meiner det nye senteret passar for alle.

– Her kan ungdomar ned i 13–14 årsalderen kome, så vel som pensjonistar. Eg trur vi har noko som passar for alle.

Første driftsveka blir senteret betent av Blålid sjølv. Seinare får dei som kjøper abonnement nøkkelkort, slik at dei kan kome og gå som dei vil frå morgon til kveld.

Hektiske dagar

Sidan april har Blålid, i samarbeid med leiinga i Sprek365, jobba for å realisere planane.

– Vi har laga eit påbygg bakover, vi har malt lokalet, bygd skiljeveggar, lagt nytt golv og her har vore mykje elektrisk arbeid, forklarar Blålid.

– Det har vore hektiske dagar på slutten. Vi har hatt litt forsinkingar på utstyr og slikt, men vi kom i mål, og det har blitt endå betre enn kva eg kunne drøyme om.

Nokre minutt etter at dørene til senteret opna fredag dukka dei første kundane opp.

– Det har berre vore positive kommentarar. Den siste perioden er det mange som har stukke hovudet innom dørene og lurt på når vi skulle opne, smiler Blålid.