Dei neste dagane skal statsadvokaten ta ei vurdering på om han vil anke rettsavgjerda frå Sogn og Fjordane tingrett.

Hotellsjefen er den einaste av dei tre brørne som blir dømt for brann og forsikringsbedrageri.

– Tingretten har ei anna vurdering å bevise enn påtalemakta. Eg er ikkje einig. Påtalemakata si vurdering var at styreleiaren var "Mr. X", som var med hotellsjefen til Selje. Statsadvokatane noterer seg at tingretten har vurdert dette annleis, seier aktor Magne Nyborg.

I løpet av neste veke vil han trulig ta endeleg stilling til ankespørsmålet.

Letta over å ha blitt trudd

Advokat Per Kjetil Stautland, som er forsvarar for hotellsjefen, fortel at klienten hans er letta over at brørne er frikjent for brannen på Selje hotel.

– Min klient sin reaksjon på dommen er at han er veldig glad for å ha blitt trudd på det han har sagt heile tida - at brørne ikkje har hatt nokon del i saka. Han er sjølvsagt veldig letta over dette. Brørne hans vart dratt inn i saka og sett under tiltale, noko som har skapt bekymring og uro for han, seier Stautland.

Hotellsjefen får ei fengselsstraff på fem år og seks månadar. 39-åringen blir i tillegg dømt til å betale meir enn to millionar kroner i skadeerstatning til Gjensidige forsikring.

Forsvarer Per Kjetil Stautland. Arkiv

Stautland seier at klienten hans har erkjent straffeansvar over lengre tid, og at han hadde forventa at han ville få ei betydeleg fengelsstraff.

– Han blir domfelt for ein utruskap mot hotellet for eit beløp som er cirka 1,7 millionar mindre enn det aktor la til grunn i den opphavelege tiltalen på 3,6 millionar. Då er det klienten sin reaksjon at han får lite att for den vesentlege reduksjonen i det straffbare. Det må eg seie meg einig i. Dommen er streng. Eg kan ikkje forstå noko anna enn at tingretten har hatt eit høgare utgangspunkt for si straffeutmåling enn det aktor hadde.

– Vi er fornøgde med å ha nådd fram med argumentasjonen. Men det er ei noko høg straff. Som retten skrive i sin dom er det lite rettspraksis på dette. Så det er ikkje så lett å vite kva som er rett straff. Det er eit argument for å få prøvd saka i ein høgare domstol, legg Stautland til.

– Vil de anke dommen?

– Ei eventuell anke vil handle om straffeutmålinga. Men det har vi ikkje tatt stilling til enda.