Korleis denne retten kom til verda, veit eg ikkje, men den er kjempegod! Svele med pudding er heilt vanleg i Stryn der eg kjem ifrå.

Dette treng du til tynnsvelene:

2 egg

2,5 ss sukker

Litt salt

1 liter lettmjølk

5–6 dl mjøl

Slik lagar du tynnsvelene:

Når du lagar tynnsvelene, blandar du alt oppi ein bolle og sper med mjøl. Røra skal vere tynnare enn pannekakerøre. Du rører til det ikkje er meir klumpar. Får du ikkje ut alle klumpane av røra, silar du røra og lar den stå og svelle i 20 minutt. Når svelene har svella, er dei klare til å steikast. Du steiker dei på steikepanne.

Dette treng du til puddingen:

1 liter lett- mjølk

110 gram semulegryn

60 gram sukker

25 gram margarin

1/3 ts. salt

1 ts. vaniljesukker

1 egg

1 neve med rosiner

Slik lagar du puddingen

Kok opp mjølk, sukker, margarin, vaniljesukker og salt. Dryss i gryna og kok i 20 minutt, ta panna av omnen og rør inn eitt og eitt egg. Ha deretter i litt rosiner.

Når du har gjort alt det, kjøler du puddingen til den stivnar og då er den klar til bruk. Når du skal servere, så legg ei stripe med pudding på svela og rull den saman!