– Eg var kjempenervøs dagen før eg skulle reise. Eg hadde skikkeleg reisefeber. Eg var mest uroa for reisa, flybyte og at alt skulle klaffe, men då eg først kom fram til Nepal, innsåg eg at det ikkje var så skummelt som eg hadde tenkt, smiler Emma.

Les meir om «Likestilt» her.

Heilt sidan ho for første gang høyrde mora fortelje om ein tur til Afrika der ho dreiv med hjelpearbeid, har Emma hatt den same draumen.

Ei annonse for Project Abroad, ein organisasjon som driv med frivillig arbeid, vart første steg på vegen.

– Dei har ein High School Special som lar 16-åringar reise. Det å hjelpe andre er noko eg vil jobbe med i framtida, og det verka veldig kjekt å få vere med på noko slikt.

Tøffe møter

Emma var i Nepal i tre veker denne sommaren. Landet har den siste tida vore råka av fleire jordskjelv.

– Vi såg herjingane etter jordskjelva fleire stadar. Mange har få midlar, så dei har ikkje klart å bygge opp att husa sine, og kulturskattar er øydelagde. Då vi gjekk i gatene såg vi mange skeive bygningar som var støtta opp av plankar, forklarar ho.

– Den eine dagen var vi innom eit rehabiliteringssenter for underernærte ungar der mødrene fekk opplæring i korleis ein på best mogleg måte kunne ta seg av barna. Same dag besøkte vi ein barneheim for ungar med HIV og Aids. Vi synst sjølvsagt veldig synd i dei, men dei som arbeidde på senteret fortalde at ungane ikkje visste om sin eigen sjukdom, forklarar 16-åringen, og fortset:

– Eg lærte veldig mykje av å sjå korleis andre i verda har det. Det er vanskeleg å forklare, men du kan prøve tenke deg fram til korleis andre har det, men du merkar det ikkje før du faktisk er der. Eg fekk ein skikkeleg «reality check»

Boblande glede over besøk

Den første veka i Nepal målte måløyværingen og dei andre frivillige fleire rom på ein skule.

Dei to neste vekene var 16-åringen lærar for elevar frå 6 til 18 år.

– Vi valde å lære dei om andre verdskrigen og etterkrigstida med fokus på Berlinmuren. Mange av elevane hadde aldri høyrt om dette, og syns det var heilt vanvitig.

Emma fortel om ei god mottaking både frå elevar og lærar.

– Eg anbefaler alle å gjere det same. Frivillig arbeid er noko alle kan gjere. Når eg blir litt eldre skal eg heilt sikkert gjere det igjen, avsluttar Emma.

På neste side kan du lese Emma si eiga historie frå Nepal