– Eg føler eg er valt som representant til kommunestyret frå heile Vågsøy kommune. Då skal eg vareta heile kommunen si interesse. Det er vår jobb i kommunestyret. Derfor meiner eg vi ikkje har noko anna val enn å stemme for det som er vedteke i formannskapet. Det varetar Vågsøy kommune sine interesser, sa Roger B. Silden (Ap).

Vil lytte til bryggjaværingane

Saka om grensejustering er ute på høyring frå Fylkesmannen, og tidleg i kommunestyredebatten kom Hogne Bleie (Frp) med eit alternativt framlegg: «Vågsøy kommunestyre beklagar at kretsane Totland, Bryggja og Maurstad kan bli separert frå dei andre kretsane i Vågsøy kommune. Innbyggjarundersøkinga som vart gjennomført i dei gjeldande kretsane viser eit stort fleirtal for å bli ein del av Stad kommune og ikkje Kinn. Difor meiner Vågsøy kommune at kretsane må få bli ein del av Stad kommune frå 1.1.2020.» Dette framlegget fekk åtte stemmer.

– Som politikar syns eg det er mi oppgåve å lytte til innbyggjarane våre. Det er min ståstad anten vi snakkar om Kinn kommune eller vi snakkar om grensejustering på Bryggja. Vi veit alle resultatet av innbyggjarundersøkinga på Bryggja. Der seier 80 prosent nei til å bli med i Kinn. Eg vil seie til kommunestyret at skal vi praktisere demokrati på ein god måte, så må vi lytte til innbyggjarane våre.

Resultata av innbyggjarundersøkinga, som vart gjort av Telemarksforsking, på bestilling frå Fylkesmannen, synte at av dei spurde var 79 prosent positive til Stad, medan 84 prosent var negative til Kinn.

Temperatur i debatten

Saka om grensejustering har sett i gang sterke kjensler, også i kommunestyret i Vågsøy torsdag vart det ein spent debatt. Den politiske leiinga i kommunen var ikkje samde i kvifor situasjonen er slik den er.

Varaordførar Nils Myklebust (Sp) starta sitt innlegg på talarstolen med å seie at dette er ei av dei vanskelegaste og dårlegaste sakene som er til behandling i kommunestyret i Vågsøy.

– Eg vart omtalt som ein splittande ordførar. Eg vil minne om at budsjettvedtak og vedtak om Kinn hadde fleirtal i kommunestyret, og er gyldige vedtak som eg som ordførar er pliktig å forhalde meg til, svarte Kristin Maurstad (Ap).

Frode Kupen (Ap) tilbakeviste Myklebust sine skildringar frå førre formannskap, og reagerte samstundes på tonen i debatten.

– Vi har fått ein presentasjon om MOT i dag. Vi er dei dårlegaste MOT-representantane på to bein i heile denne kommunen. Av og til er eg skjemd over oss, sa han frå talarstolen.

Kupen har også tidlegare reagert på det han meiner er feilaktige påstandar om ting som har vore sagt i politiske møte, mellom anna i lesarinnlegg, og no meinte han debatten igjen gjekk for langt:

– Det må gå an å stå på denne talarstolen å prøve og halde seg til realitetane. Det skapar ein viss frutrasjon blant folk, samstundes flyttar vi politikarar lista lenger og lenger for kva som er greitt å seie om andre.