– Eg kjenner Norway AdvenTURes frå min førre jobb og har følgt dei over tid. Eg har hatt eit positivt samarbeid med dei før og eg har lagt merke til at dei har fått ein stor vekst. Då dei tok kontakt blei eg både glad og interessert i å høyre meir om kva vi kunne jobbe med i lag, seier Wenny Irene Hansen.

Ho begynte i jobben som forretningsutviklar og reisedesignar 1. november og har allereie hendene fulle.

Mot slutten av 2016 vart Anne van Oorschot tilsett som marknads- og salsansvarleg.

Rogier van Oorschot starta opp Adventure Travel-selskapet i 2003. Bakgrunnen for oppstarten var ønsket om å jobbe med Adventure Travel, og dele naturrikdomen og gode opplevingar med turistar.

Selskapet har hatt fokus på aktivitetar som kajakk, vandring og ski. No satsar dei på adventure travel med å designe opplevingsturar for internasjonale gjestar i heile Norge.

– Norge opplever stor vekst i opplevingsnæringane, eller Adventure Travel, som vi seier internasjonalt. Denne trenden er aukande, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.