Vanylven-rådmann Andreas Nørve kan bli Årets kommuneprofil 2017. Her med ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven. Arkivfoto: Siri Kolseth
            (Foto: Siri Kolseth)

Vanylven-rådmann Andreas Nørve kan bli Årets kommuneprofil 2017. Her med ordførar Lena Landsverk Sande i Vanylven. Arkivfoto: Siri KolsethFoto: Siri Kolseth

Han er nominert til Årets kommuneprofil

Vanylven-rådmann Andreas Nørve bør bli Årets kommuneprofil 2017. Det meiner dei folkevalde i kommunen.

– Han er ein rådmann med stort engasjement, han er kunnskapsrik og har brei kompetanse, også utover sin juridiske bakgrunn. Han er innovativ, og er ikkje redd for å prøve noko nytt, og finn løysingar som kanskje ikkje har vore prøvd nokon annan stad. Og fleire gongar har vi sett at dette gir gode resultat, skriv Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) i nominasjonsbrevet.


Får robot til kollega

Vanylven kommune sin nye medarbeidar er ein robot. Roboten digitaliserer og automatiserer kommunikasjonen mellom kommune, innbyggarar og næringsliv 24 timar i døgnet, forklarar rådmann Andreas Chr. Nørve.

I nominasjonen blir det også peika på at Nørve ikkje berre ser tal, men også menneska bak.

– Han er kreativ, og syner fleksibilitet både i høve politikarar og stab. Han har sterkt fokus på målstyring, men gløymer ikkje menneska bak tala. Han er løysingsorientert, og syner god samarbeidsvilje og –evne, og står støtt og solid i rolla som kommunen sin øvste sjef.

Kommunestyret peikar på at rådmannen har vore ein pådrivar for å få fiber til alle i kommunen, at Vanylven har innført eit eige studiegjeldsfrådrag og at kommunen har gjort eit godt arbeid med inkluderande arbeidsliv.


Likestilt:

Veslemøy har ei eiga evne til å nå ut

Inspirerande, engasjerande og inkluderande. Årets MOT-coach i Norge, Veslemøy Ervik frå Vanylven, har ei eiga evne til å nå ut til ungdomane.

– Sidan kommunestyret støttar nominasjonen, så vi er mange som står bak og meiner at vår rådmann fortener ein slik pris. Kommunestyret i Vanylven, har stor respekt for den jobben han gjer som rådmann, og oppmodar om at vår Andreas Nørve får prisen Årets kommuneprofil 2017.
Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå