Bil i grøfta:

Mistanke om promille

Politiet måtte i natt rykke ut til ein bil som hadde køyrt i grøfta mellom Bryggja og Åheim.

Då politiet kom til staden var det to personar ved bilen. Politiet fatta mistanke om promillekøyring, og begge dei to vart tatt med til blodprøvetaking.

Vest politidistrikt opplyser også at bilen var på sommardekk då uhellet skjedde.

Politiet fekk melding om hendinga rundt klokka 02 natt til søndag.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå