Ny årbok: Arvid Rygg viser fram den aller nyaste Årbok for Nordfjord. – Det er årets julegåve, med masse stoff frå Nordfjord, seier han. Foto: Svanhild Breidalen

Ny årbok: Arvid Rygg viser fram den aller nyaste Årbok for Nordfjord. – Det er årets julegåve, med masse stoff frå Nordfjord, seier han. Foto: Svanhild Breidalen

Ute med ny årbok med Nordfjord-historier

– Dette er årets julegåve. Her er det mykje stoff frå heile Nordfjord, seier Arvid Rygg som er med i skriftstyret, i tillegg til at han også har skrive eit kapittel i boka.

Dette er årgang 51 av den populære Årbok for Nordfjord. Det har vore berre eit lite avbrekk, elles har årboka kome jamt og trutt ut, kvart år.

– Boka tek for seg historier frå heile Nordfjord, seier Rygg som fortel at dei passar på å få med seg historier frå både ytre, indre og midtre Nordfjord.

Og i år kan den verkeleg passe godt som julegåve.

– Vi har nokre damer frå Stad som skriv om si jul. Det er korte tekstar, men kjekke å lese. Det er absolutt ei flott julegåve.

Årboka inneheld i tillegg historier om litt av kvart. Her er historier frå sildefisket på 50-talet og ein artikkel om Maaløy Ruteselskap av Dagfinn Hessevik. Fleire skriv om livet på gard, mellom anna om sæterlivet på Lindviksætra og slåttearbeid på Ytre Skårhaugsetra.

– Vi prøver å skrive litt om gamle yrker. Vi har også for tida fokus på jordmødre. I denne utgåva har vi med ein artikkel som heiter Jordmora i Hyen.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå