Det skriv Selje kommune på si heimeside.

I samband med desse arbeida vert produksjonen av drikkevatn stogga frå 14. til 15. november.

– Ved bruk av tilgjengeleg bassengmagasin og om alt går som planlagt, vil ikkje abonnentane merke noko til arbeidet. For å vere på den sikre sida, ber vi likevel om at vassforbruket vert redusert til eit minimum medan arbeidet pågår. Det kan også vere ein fordel at ein tapper opp vatn som ein kan nytte medan vassproduksjonen er ute av drift, skriv kommunen.