Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) møtte fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: Privat

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) møtte fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: Privat

Møtte fiskeriministeren:

Ho meiner forskrifta er utdatert

Forskrifa som hindrar oppdrett av laks og aure på lande ved nasjonale laksefjordar er utdatert, meiner fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Dette var tema då Følling møtte fiskeriminister Per Sandberg 10. november, heiter det i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er i dag forbode å drive oppdrett av laks og aure i og ved nasjonale laksefjordar, som Sognefjorden. Dette er på grunn av beskyttelsesregimet for slike fjordar.

Utdatert forskrift

Fylkesordføraren meiner forskrifta frå 2009 er utdatert. Problemet er formuleringa i eller ved nasjonale laksefjorder. Ordlyden gjer at forbodet gjeld dermed både sjøvatnet, fjorden og landet ikring.

Forskrift om særskilte krav til akvakulturrelatert virksomhet i eller ved nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjorder

– Sidan forskrifta kom har det skjedd ei rivande utvikling i teknologien for å drive oppdrettsanlegg på land. I dag er det faktisk både relevant og ønskeleg å ha større delar av produksjonssyklusen av laks og aure på land, seier Følling.

Fredag 10. november møtte ho fiskeriminister Per Sandberg i Oslo for å fremje problemstillinga. Følling møtte statsråden saman med marin koordinator i fylkeskommunen Lena Søderholm, og Erik Osland frå  Osland havbruk i Høyanger. Fylkesordføraren var nøgd med møtet og med at statsråden var lydhør for innspela, mens Erik Osland frå Osland havbruk understreka viktigheita av at  fylkeskommunen engasjerte seg i denne saka.

Ber ministeren endre forskrifta

Ordninga med nasjonale laksevassdag og -fjordar skal gje villaks og aure eit spesifikt vern mot negative påverknadar frå akvakultur på dei same artane. Hovudutfordringane er særleg lakselus og rømming frå oppdrettsanlegg.

– Eg oppfattar ikkje at intensjonen med nasjonale laksefjordar var å forby alle landanlegg som ligg ved slike fjordar. Villaksen kan sikrast mot rømming og lakselus ved å sikre avløpsvatnet i landanlegg, og vi ønskjer forskrifta skal endrast slik at dette kjem klårt fram, seier fylkesordføraren.

Fiskeriminister Per Sandberg sa i møtet at det no vert ein  gjennomgang av regelverk og forskrifter i samband med evalueringa av Nasjonale laksefjordar, og han vil følgje Miljødirektoratet sin prosess fram til rapporten vert overlevert Klima og Miljødepartementet ved årsskiftet. Han vil legge vekt på å få til eit regelverk som er tilpassa dagens situasjon.


Aktuell problemstilling

Saka med landbaserte oppdrettsanlegg vart nyleg aktualisert då Fylkesmannen i Nordland returnerte ein søknad om landbasert produksjon av matfisk av laks. Fylkesmannen hadde søkt råd hjå Miljødirektoratet, og fekk til svar at søknaden ville vere i strid med beskyttelsesregimet i nasjonale laksefjordar.

I Sognefjorden har det kome førespurnad frå Sogndal kommune om å kunne nytte den tidlegare forskingsstasjonen for akvakultur ved høgskulen til eit slikt anlegg. Stasjonen ligg fullt tilrettelagt med vatn og pumper. Også i midtre delar av Sognefjorden finst det næringsutøvarar som kan ha behov for å etablere stamfiskanlegg.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå