Ei sentral kjelde i Arbeidarpartiet i Vågsøy, som Fjordenes Tidende har vore i kontakt med, bekreftar utmeldingane.

– Er det skulesaka som er bakgrunn for desse utmeldingane?

– Det er i større grad misnøye med interne prosessar som har gått føre seg i partiet over lengre tid, seier kjelda.

– Vi har hatt ei utmelding. Det skjedde i går kveld. Det er det eg veit. Eg syns det veldig dumt å av Fjordenes Tidende å skrive dette utan å kontakte leiar i Vågsøy Arbeidarparti, seier Tove Lill Refvik Volle, leiar i Vågsøy Arbeidarparti.

I vedtaket heiter det at:

«1. Bryggja skule og Holvik skule vert lagt ned frå hausten 2018, og elevane vert flytta til henholdsvis Skavøypoll og Skram skule.

3. Forskrift om krinsgrenser må endrast og handsamast i tråd med reglane i forvaltningsloven.»

Det har i etterkant av avgjerda blitt peika på at Arbeidarpartiet med dette vedtaket bryt samarbeidsavtala med Sp, Frp, TVL og Rødt, som sikra partiet ordføraren etter valet i 2015.

Vågsøy-ordførar Krstin Maurstad (Ap) har fleire gongar forsvart denne avgjerda.

– Arbeidarpartiet meinte at vi skulle klare å ha økonomi til å halde oppe fem skular. Det lét seg ikkje gjennomføre. Det var vi tydelege på i fjor, då avtalen vart broten. Det er viktig å sjå på andre sektorar, som også var ein del av avtalen og vårt program, seier Maurstad.