– Eg er takknemleg for Jobbsjansen. Eg trudde ikkje det var noko for meg, men det har hjelpt meg, seier Myrvoll (19).

Les meir om «Likestilt» her.

Etter to år på vidaregåande i Syvde og Ørsta på høvesvis teknisk industriell produksjon, og industriteknologi stod ho utan lærlingplass hausten 2016.

– Eg ringde mykje rundt, men det var ingen som kunne ta imot meg. På nyåret tipsa mamma meg om Jobbsjansen. Eg tok kontakt, og fekk kome inn på kontoret for ein prat, forklarar 19- åringen.

– Eg starta i jobb der 13. februar i år. Eg hadde prøvetid til mai, og då kom e-posten om at dei ville ha meg som industrimekanikarlærling. Om to år tar eg fagbrev, smiler Myrvoll.

– Ein suksess

Prosjektet som kom i gang frå 1. januar i år, er blitt kalla ein suksess frå politisk hald i Vanylven kommune. Og i oktober fekk kommunen pris frå IA-rådet i Møre og Romsdal for godt arbeid med inkluderande arbeidsliv. Jobbsjansen-prosjektet var av det som vart vektlagt i samband med tildelinga.

– Det er blitt eit problem i heile landet. Mellom anna har ungdom store problem med å finne lærlingplassar. Det handlar ikkje om latskap. Men dei har gjerne ulike utfordringar og kjem inn i feil spor. Dei får hol i CV-en. Dei har ikkje pengar, nokre spelar data heile natta og snur såleis døgnet. Det er uheldig ikkje å ha noko å stå opp til, seier prosjektleiar for Jobbsjansen, Karina Beate Skare Longva (29).

God samfunnsøkonomi

– Klart samfunnet sparer mykje, både sosialt og samfunnsøkonomisk, seier Skare Longva.

– Ungdomskontakta i NAV var den mest nærliggjande staden å byrje. Vi starta med å kalle inn alle arbeidslause mellom 16 og 23 år til eit gruppemøte. Berre 3 av 20 aktuelle møtte. Terskelen var for høg. Då vi sende ut brev til alle, fekk vi betre respons, og i februar hadde vi sju deltakarar. Vi har jobba individuelt med alle.

Terskel å bli fast tilsett

I tillegg til å jobbe ein og ein med ungdomane, brukar Skare Longva mykje tid på kontakt med aktuelle arbeidsgjevarar.

– Seks av dei sju er komne enten i jobb eller utdanning, og er spreidd på stader som Ulsteinvik og Ålesund. Det synest eg er bra. Så langt har vi ikkje lukkast med å få nokon av dei fast tilsett. Det viser seg at akkurat det er ein terskel for verksemder. Men det må vere eit naturleg mål. I haust har vi byrja jobbe med tre nye.

– Det beste er å sjå utviklinga

– Eg har verdas beste jobb. Det er kjekt å hjelpe flotte ungdomar på denne måten, og eg ser dei er takksame. Det blir mange samtalar, både på telefon og andlet til andlet, seier Skare Longva, og fortset:

– Det beste med jobben er å sjå utviklinga. Dei kjem gjerne inn i prosjektet med senka hovud. Etter ei tid med meiningsfulle oppgåver får dei rak rygg og sjølvtillit.

Kjøkenet på Vanylven omsorgssenter er ein av arbeidsplassane Karina Beate Skare Longva har samarbeidd med for å få unge vaksne i arbeid. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Mellom anna fortel prosjektleiaren at ho ikkje kvir seg for å ta bilen og køyre og hente ungdomar dersom dei ikkje har kome seg opp til ein avtale.

Frå politisk hald i kommunen er det peika på den store samfunnsgevinsten det er å få unge vaksne i arbeid, og nyleg vart det vedteke at prosjektet, som vart starta opp 1. januar i år held fram ut 2019.

Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunen og fylkesmannen i Møre og Romsdal.

20 personar mellom 16 og 23 år vart definerte i målgruppa for prosjektet då det starta.

Vil at fleire skal få ta del i prosjektet

Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) rosar prosjektet Jobbsjansen.

– Eg er kjempestolt av dette prosjektet. Eg håpar det blir eit nasjonalt prosjekt, slik at fleire kommunar fekk teste ut dette, seier ordføraren.

– Om du er blåruss og tenker på pengar, så løner det seg. Viss du i tillegg tenke på menneska og moglegheitene for eit godt liv, så løner det seg. Det er viktig for kvar og ein av oss å ha noko meiningsfylt å fylle kvardagen vår med, seier Sande.

Sjølv vart ho overraska over kor mange personar i Vanylven som var i målgruppa for Jobbsjansen for unge vaksne.

– Vi trudde det handla om 7–8 ungdomar, og så viste det seg at det var 20 personar i målgruppa. Det er veldig mykje i ein kommune med 3.200 innbyggjarar. Hadde det ikkje vore for Jobbsjansen hadde dei kanskje framleis stått utanfor og fått det vanskelegare, fortel Landsverk Sande, og legg til:

– Du skal ikkje gå lenge heime før du føler deg mindre verdt. Det veit alle som har vore utanfor arbeidslivet. Vi treng alle. Kan kommunen vere ein katalysator, skal vi vere det.