På landsnivå er det ein auke på 5.172 personar, tilsvarande 1,6 prosent.

– Endringar i trygdeordningane er noko av årsakene til auken i talet på uføretrygda dei siste åra. Dette gjeld særleg avviklinga av tidsavgrensa uførestønad og innføringa av arbeidsavklaringspengar (AAP) i 2010, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.

– Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre under 55 år aukar, mens det blir færre uføre over 55 år. Denne utviklinga skuldast delvis avviklinga av ordninga med tidsavgrensa uførstønad. At det er blitt fleire unge uføre over tid, må også sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger på grunn av betre medisinsk behandling, seier Thorsnes.

I Sogn og Fjordane er det 8,2 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, det er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå september i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,5 til 9,6 prosent.

– Dette er svært positive tal med den næringsstrukturen og alderssamansetninga som vi har i Sogn og Fjordane. Dersom fylket hadde same alderssamansetning som landet, ville prosentdelen uføretrygda berre vore 7,7 prosent og mellom dei lågaste i landet, seier Thorsnes.