– Vi kan ikkje levere så dårleg kvalitet frå eit offentleg vasserk, vi har hatt for mange kokeforbod, sa Tom Joensen, rådmann i Bremanger, til finansutvalet.

Investeringar i vassverket i Rugsund har fått plass på rådmannen sin plan for neste år. Slike investeringar skal eigentleg vere sjølvkost, betalt av brukarane, men det er vanskeleg. Kommunane har allereie investert for mykje til at det blir mogleg å fordele det på dei få abonnentane.

– Det ville gitt dyrast vassavgift i Norge, seier Joensen.

– Det kan vi krevje med lova i hand, sa Audun Åge Røys (H).

– Kva er dei negative sidene? Er det berre at det er upopulært og politisk vanskeleg? spurde Grete Berntzen (SV) og fekk svaret ja frå ordførar Røys.

– I så fall er eg for, sa Berntzen.

Fleire meinte at tilkopling til kommunalt vatn utelukkande er eit gode, og trur også at det vil gjere eigedommane lettare å selje vidare til unge huskjøparar n. Det vart også kommentert at det er feil at enkelte skal kunne sitte med gratis vatn i brønnen, og så krevje vatn av kommunen når brønnen frys til.

– Då oppfattar eg det som ei bestilling på at vi greier ut dette, sa Joensen, og fekk det stadfesta av finansutvalet.