Dette innlegget er skrive av Leonora Ligia og stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 17. november.

– Ting som går meg på nervane

No har eg skrive om noko som har gått meg på nervane i det siste. Dette er forskjellige tema som er tatt opp dei siste åra, men som det framleis finnast mykje av. Eg synest at det er eit stort problem. Hugs, dette er mi meining, du treng ikkje å vere einig med meg, men eg er ikkje interessert i å høyre negativiteten din om du er ueinig.

Rasisme

Sjølvsagt var rasisme eit større problem før i tida, men det er framleis eit stort problem. Når folk drep andre, berre fordi dei ikkje har same farge på huda eller er same rase, då er det gale.

Eg har aldri skjønt kvifor rasisme eigentleg i det heile tatt er ein ting. Vi er alle menneske, berre med ein annan hudfarge. Å dømme nokon fordi dei har ein anna hudfarge, anna hårtype eller kjem frå ein annan kultur er rett og slett heilt for- ferdeleg og meiningslaust.

Eg likar faktisk at alle menneske er forskjellige, det gjer oss meir spesielle.

Rasistiske haldningar er ikkje noko ein er fødd med, du blir lært opp til det. Eg vaks opp utan noko slags problem med verken homofile, folk med andre religionar eller andre hudfargar, og då har eg heller aldri hatt noko mot dei.

Her har eg ein liten ting du skal tenke på før du dømer nokon neste gong: Om nokon ikkje har gjort noko personleg mot deg, då har du absolutt ingen grunn til å hate på den andre personen. Så lenge nokon er vennlege mot deg og respekterer deg, då burde du aldri bry deg om kva rase dei er, kva slags kjønn dei er tiltrekt av, religionen deira, eller kvar dei kjem frå. Du vil bli overraska over kor hyggelege folk faktisk er, alle fortener ein sjanse.

Terrorisme

Det har vore utruleg mange terrorangrep i det siste, og rasisme har noko å seie i dette temaet her også. Nokre som er kjende for ofte å bli kalla terroristar er muslimar, men det er berre på grunn av ISIS (islamsk stat av Irak og Syria, dei har fullført mange terrorangrep i det siste), folk tenker at alle muslimar er som ISIS. Sjølv om nokre muslimar gjer mykje dumt, så betyr ikkje det at alle muslimar gjer mykje dumt. Det er heilt feil måte å tenke på.

Det eg prøver å seie er at folk må slutte å kalle berre muslimar for terroristar, terrorisme har ingen rase.

Enkelt sagt: Sjølv om ISIS består av muslimar, så betyr ikkje det at alle muslimar er ISIS. Dei er menneske med kjensler, akkurat som oss andre.

Religion

Der er mykje snakk knytt til om muslimar skal få gå med hovudplagg ute på byen. Kvifor skal dei plutseleg ikkje få lov til det? Sjølv om dei bur i Norge så betyr ikkje det at dei er kristne, dei er ein del av den religionen dei sjølv har valt.

Enkel og grei oppsummering om kva eg har å seie til dette: Alle har sin eigen religion, du treng ikkje blande deg i kva andre står for. Om muslimar vil gå med hijab, nikab eller andre ting, så la dei få gjere det. Og om jødar ikkje vil ete gris, så la dei få bestemme sjølv kva dei vil ete. Deira liv, deira val.

Flyktningar

Sist men ikkje minst, så vil eg seie noko til dei som er imot å ta inn flyktningar.

Først, sjå for deg sjølv at det er krig i Norge, med masse bombing. Då vil du sjølvsagt reise vekk med familien din for å overleve, men på veg til å reise blir halvparten av familien din skutt. Du og resten kjem dykk på ein båt, to fell ut i vatnet og druknar av kuldesjokk. Det er berre du og eit av søskena dine igjen. Ho er eitt år, og skjøner ingenting. De overlever båtturen og kjem dykk til land, men stoppar opp når de ser eit gjerde. De kjem dykk over det ved hjelp av ein snill mann som også prøver å flykte, men han blir skutt ned. Du finn deg ein plass å vere med søstera di, og du føler deg litt trygg. Så høyrer du plutseleg banking på døra, du kan ikkje språket så du skjøner ingenting. Til slutt så skjøner du at du blir sendt tilbake til landet ditt. Både du og søstera di blir drepne der av ei bombe som blir sloppe av eit fly som var over dykk.

Tenk på kor hjarteskjerande det er. Dei må gå gjennom så mykje for å prøve å overleve, men vi ignorerer dei og sender dei tilbake til den fæle plassen dei flykta frå.

Eg er einig i at flyktningane må skaffe seg jobbar og tene eigne pengar utan å få alt rett i henda, men då må vi først godta dei og vise at dei er velkomne – inkludere dei. Dei må få hjelp til å lære norsk for at dei skal få det enklare her med oss. Eg synest at alle fortener ein sjanse.

Eg kan ta pappaen min som eit eksempel. Han kom hit med familien sin, lærte seg norsk ved hjelp av kone og naboar, han jobbar og no har han budd her i Norge i 21 år.

Sjølvsagt blir dette litt på kanten sidan han ikkje kom hit som flyktning, men han blei uansett godtatt her i Norge sjølv om han ikkje kjem herifrå, og derfor synest eg at vi bør gi fleire folk sjansar også. Vi har plass til fleire folk her. Mange område rundt omkring kunne blitt fylt inn med nokre av flyktningane som treng hjelp frå oss.

Karakterar

Litt anna tema, men framleis like viktig innhald.

Når du går på ungdomsskulen eller vidaregåande er karakterar eit stort press, og det einaste du har tid til er lekser, framføringar, prøvelesing og innleveringar.

En ting eg har merka er at folk bryr seg veldig om kva karakterar både dei får (det skjøner eg) og kva andre får.

Når vi får tilbake respons på ein tekst eller prøve så er det første nokre spør deg: «Kva fekk du?», «Om eg får sjå din karakter, så får du sjå min» og så vidare. Sjølvsagt er gode karakterar viktig om du skal få deg ei bra utdanning og ein godt betalt jobb. Men det eg synst er viktigast det er korleis du har det som person.

Mange trur ein ikkje gjer lekser fordi dei ikkje gidd og at dei er for late, men nokre lar vere å gjere leksene fordi dei faktisk ikkje klarer å gjere dei. Om dei faktisk slit med seg sjølv, då er ikkje det første dei har lyst til å gjere, når dei kjem heim frå ein slitsam dag på skulen, å drive med lekser og sånn.

Alt eg vil fram til er at du er viktigare enn karakterane dine.

Kroppspress

Dette temaet har det vore veldig mykje snakk om i media det siste året. Før var det populært å vere tynn, og no har det plutseleg blitt populært å ha former.

Der kroppspresset eigentleg byrjar er i media. Der ser du alle desse vakre, kjende damene som har store hofter, lita midje, litt store lår, men ikkje for mykje, stor bakdel og store bryst.

Og så har ein dei vakre modellane som er høge, med fine bein og flat mage. Det får oss til å tru at om vi ikkje ser sånn ut, så er vi stygge.

Det som er realistisk er ikkje at du har former utan mage. Om du har litt ekstra nokre plassar, så er det vanleg å ha litt mage. Og det er fint det også!

Det same om du er tynn. Då er det normalt til dømes ikkje å ha så store bryst, for bryst er jo feitt, og om du er tynn då har ikkje du så mykje feitt. Men det er ikkje feil i det heile tatt.

Du er fin som du er, og det må vi berre innsjå. Ingen er perfekte. Bilda du ser i sosiale media har ofte vore gjennom program som Photoshop. Du bør aldri samanlikne deg sjølv med dei. Sjølv dei som du ser på desse bilda er usikre når det kjem til eigen kropp.