– Eg er letta og glad etter tilrådinga. Det føltes langt fram ut då vi starta i januar, men vi har vore ei god gruppe som har utfylt kvarandre godt og jobba bra i lag. Vi har hatt brei støtte i bygda, noko som har gjort at grensejustering har vore noko som har vore lett å jobbe med, seier Hessevik.

Spørsmålet om grensejustering for Vågsøy-bygda kom først opp i vinter. Etter å ha fått inn rundt 200 signaturar for grensejustering, gjekk Bryggja utviklingslag vidare med planane om å bryte ut av kommunen.

Fylkesmannen har lagt sterk vekt på folkeviljen i si tilråding.

– Det er veldig viktig og bra at det har blitt gjort. Ein ser kva det har ført til i til dømes Vågsøy når ein ikkje høyrer på folk. Då blir det mykje misnøye. Her har vi hatt eit klart fleirtal for grensejustering, seier Hessevik, og viser til innbyggjarundersøkinga.

Resultatet frå denne viste at 79 prosent av innbyggjarane på Maurstad, Totland og Bryggja var positive til å bli ein del av Stad kommune, og at 84 prosent var negative til å bli ein del av Kinn kommune.

Hessevik trur utviklingslaget får støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal ta ei endeleg avgjerd i saka.

– Eg trur og håpar vi får støtte. Det blir veldig kjedeleg og overraskande om det ikkje går gjennom.

I kveld har utviklingslaget invitert til eit møte på Bryggja Grendahus der dei vil orientere om det som har skjedd så langt, samt få innspel til vidare arbeid.

– Det som er viktig for oss er å sikre aktivitet og busetting i bygda. Vi har all grunn til å tru at Bryggja har ein betre føresetnad som det mest sentrale punktet i Stad kommune, samanlikna med å vere det mest perifere i Kinn.