– Vi er glade for at Fylkesmannen har lagt så sterk vekt på innbyggjarane sitt engasjement og retningsynskje, og gitt ei heilt klar tilråding om at Bryggja blir ein del av nye Stad kommune. Det er no viktig at vi raskt får eit endeleg vedtak i saka, slik at vi kan legge best mogleg til rette for god medverknad frå Bryggja i arbeidet med å forme nye Stad kommune.

– Vi merkar oss at Fylkesmannen er tydeleg på at staten vil legge til rette for eit økonomisk oppgjer med utjamning av inntekter og utgifter, slik at ingen av dei nye kommunane kjem skadelidande ut økonomisk, seier ordførarane.

– Vi har som lokalpolitikarar no eit stort ansvar for å setje innbyggjarane i sentrum, slik at vi ikkje skaper unødig utryggleik for at ein vil få gode tenester som innbyggjar på Bryggja  både før og etter 1.1.2020. Vi ynskjer difor ein god dialog med Vågsøy i tida framover, slik at vi finn løysingar som er tenlege både for innbyggjarane på Bryggja og for nye Kinn kommune, seier ordførarane i Selje og Eid.

Tilrådinga frå Fylkesmannen om grensejustering blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.