Det var ikkje utan vemod kultursjef Espen Frøysland sa opp stillinga i Bremanger.

– Men det er på tide å gå vidare, seier han.

– Eg er 45 år, og dersom det skal bli ei endring må det skje no. Vi har lyst å komme nærmare foreldre og søsken som alle bur på Austlandet. Spesielt no når foreldra er i pensjonsalder føler både eg og kona mi, Christina, eit sterkt ønske om å sjå dei oftare, seier Frøysland.

Espen Frøysland der han trivst godt, mellom kultur og bøker.

Han kom til Svelgen for snart elleve år sidan. Då var kona høggravid. Og sjølv om Signe på 10 år er fødd i vest snakkar ho kav austlending akkurat som søstera Sigrid på 14.

– Så akkurat dét blir ikkje noko problem, ler drammensaren.

Han sit i høgsetet i ein eldgammal skinnstol ved eit antikt spisebord på kontoret sitt. Alt på kontoret er kjøpt på Finn.no eller funne i gamle hus. Og alt er laga i eik. Tungt og upraktisk, men fint og heimekoseleg i NAV sine tidlegare lokale på rådhuset i Svelgen.

– Eg tykkjer det er trivelegare slik og mykje billegare, seier han, og ler endå litt til medan han snakkar om kulturbudsjett og groteske prisar på nytt kontormøblement.

Godt samarbeid

Gamle ting har alltid vore interessant for Espen Frøysland. Han er utdanna ved Universitetet i Oslo (UiO) med faga historie, kunsthistorie og etnologi. Før han kom til Svelgen var han kulturskulerektor i Svelvik, og gjennom denne «praksisen» har han opparbeidd seg solid kompetanse i administrasjon ved sidan av utdanninga. Det meiner han vil komme godt med i den nye jobben som museumsdirektør.

– Kva vil du sjå tilbake på som vellukka etter 10 år i Svelgen?

– Eg vil først trekke fram samarbeidet med frivillige organisasjonar. Det fins over 100 av dei her i kommunen. Kanskje vil ikkje alle skryte av samarbeidet, men eg føler at vi jamt over har vore ein ressurs for dei reint praktisk – også med å søkje midlar og liknande. Den siste tida har eg forresten lagt merke til at folk i Bremanger er svært enkle å få med på enkeltarrangement, men mykje vanskelegare på faste verv som krev oppmøte for eksempel kvar veke. Men det trur eg er ein tendens landet over, seier Frøysland.

Fargerikt renseanlegg

Han er også svært godt fornøgd med lyssettinga av Kupa ved Elkem Bremanger. Kanskje den styggaste bygningen i Svelgen. Men no står den der på toppen av bakken og lyser i all slags fargar så snart mørkret fell på.

– Kommunen vart med i prosjektet «Industriplassar på Vestlandet». For det meste var det etablert for ivaretaking av nedlagde industribygg. Men Kupa er som kjent i høgste grad i bruk. Ideen fekk vi frå Tyskland der dei har gjort mange stygge bygg om til blikkfang ved hjelp av lys, fortel den avtroppande kultursjefen.

Kupa har vore lyssett i fire år og Espen Frøysland blir veldig glad når han ser innlegg på Facebook med bilde av den store bygningen i vekselvis lilla, rosa, grønt og gult med tittelen «her jobbar eg».

– Ganske tøffe karar viser stolt fram arbeidsplassen sin. Det er litt stas, seier han.

«Haugefisk» er unik

Han er også godt nøgd med prosjektet «Haugefisk».

– Vi er med i SAVOS som einaste kommune. Opphavleg er SAVOS oppretta for fylkeskommunar som har verneverdige skip – i regi av Riksantikvaren. Haugefisk er første generasjon autolinebåt, og det yngste fartøyet i prosjektet. Det er svært kostbart å halde den i stand og dei som jobbar med dette gjere ein formidabel jobb, skryt kultursjefen.

Han er også stolt av kulturskulen, kunstlokala i Øyratunet og to splitter nye bibliotek som stadig har aukande utlån.

– Eg syns vi har høg aktivitet og innimellom er den kanskje vel høg i høve til dei rammene vi har, fortel han.

No vil han tilbringe mest mogeleg tid borte frå PC og kontorlokale. Han vil ut og treffe folk.

– Det kan fort bli litt mykje data og litt mykje papir i ein slik jobb, nesten sukkar den elles så entusiastiske og energiske kultursjefen.

Biblioteksjef Randi Solheim kjem innom det antikvariske kontoret i det elles nyoppussa kultursjefkontoret. Ho tykkjer det er svært leit at Espen Frøysland no flyttar frå det yttarste vest til det sørlegaste sør.

– Men eg skjønner han godt! Han kunne umogeleg seie nei til eit slikt jobbtilbod, seier ho.

Får Skagerrak som utsyn

Lindesnes er som kjent det sørlegaste punktet i landet vårt. Espen Frøysland skal no vere sjef over det eldste fyret som kastar litt lys over Skagerrak. Det er også det einaste bemanna fyret i heile Norge.

– Det kan kanskje virke litt voldsamt å ha eigen direktør for eitt fyr, humrar Frøysland før han forklarar:

– Lindesnes Fyr er ein svært populær turistattraksjon med over 80.000 besøkande årleg. Det er også 1000-årsstaden i Vest-Agder med eige visningssenter – på linje med Nordkapp. Fyret på Lindesnes er også det einaste i landet som har to «fyrvaktarar» og er såleis det einaste bemanna fyret i landet, sjølv om det no sjølvsagt er automatisert. Stiftinga har også ansvar for båten som frakta olje rundt til alle fyra langs kysten tidlegare. Så alt i alt omfattar denne jobben det meste eg er interessert i – historie, skipsfart og industrihistorie, seier Frøysland.

Han og familien blir i Svelgen fram til våren.

– Vi har hatt veldig fine år her. Vi har fått ein flott vennekrins og er blitt veldig glade i folk her både privat og i jobbsamanheng. Men vi gler oss til litt mindre fuktige haustar og vintrar, smiler han.

– Blir du erstatta?

– Det er vel ikkje eg den rette til å svare på, men den ligg i alle fall i budsjettet. Eg meiner det er viktig at ei kommune som Bremanger har kultursjef – det gjev status for feltet, fastslår kultursjefen.