Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 17. november.

I trafikken er det like viktig å bli sett som å sjå

Hausten er over oss og med den kjem mørkret. Dagane blir kortare og morgonane og kveldane blir dermed mørkare. No er det viktig at vi har refleks- og lys-vett. No er godt lys og refleks veldig viktig.

Det er dessverre mange farefulle situasjonar i trafikken fordi folk ikkje brukar refleks eller prøver å bli sett. Dessverre er det mange bilar som har feil lys. Dei fleste av oss er meir opptekne av å sjå enn å bli sett i trafikken. Det er alt for ofte fotgjengarar i mørke kle, både barn, unge og eldre, som går langs vegane utan refleks og utan lys. Resultatet kan bli tragiske ulukker. Og kanskje er det vi vaksne som slurvar mest med å bruke refleks.

Det er viktig å tenkje på korleis vi oppfører oss når vi er ute i haust- og vintermørkret. Både dei harde og dei mjuke trafikantane må ta omsyn til kvarandre. Dei harde må vere meir på vakt og dei mjuke må gjere meir for å bli sett. Det handlar om fotgjengarar og syklistar på mørke og våte haust- og vintervegar og som ofte er vanskelege å sjå for bilførarar. Ja, ofte er dei faktisk heilt usynlege. Alle bør vi gjere ein innsats for at gåande, dei på to hjul og dei i bilane, kan vere mest mogleg synlege for kvarandre.

Refleks og lys er kjempeviktig. Politiet må ut og kontrollere dei mjuke trafikantane for å sjekke om dei gjer nok for å bli sett. Mange er for slurvete med å ta på seg refleksvest, refleksband eller refleksbrikker. Mange gløymer å utstyre seg sjølve og syklane sine med lys. Resultatet er farefulle situasjonar. Målet må vere å sjå og å bli sett, og å hindre farefulle situasjonar i trafikken.